Vi kartlegg Sognefjorden for å få meir kunnskap om fjordbotnen i den marine verneprosessen
Som eit ledd i verneprosessen for Sognefjorden er Havforskingsinstituttet i disse dagar ute for å kartleggje fjordbotnen. Vi vil her skildre kva som skjer framover i den marine verneprosessen for verdas djupaste og vår lengste fjord.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For å få eit tilstrekkeleg godt vurderingsgrunnlag i verneprosessen treng vi påfyll av ny kunnskap. Framover vil kunnskap bli produsert både ute i båt på fjorden og inne ved skrivebordet. Vi er inne i utgreiingsfasen av verneprosessen. Arbeidet med å lage ei konsekvensutgreiing er også ute på anbod.
Utgreiingsprogrammet er ramma for verneprosessen
Utgreiingsprogrammet er ein plan for verneprosessen. Denne låg tilgjengeleg for innspel i lag med oppstartsmeldinga, og det kom mange innspel til både tema for utgreiing, involvering og framdrift. Det er Miljødirektoratet som endeleg fastset utgreiingsprogrammet. Når vi får klarsignal frå direktoratet i løpet av kort tid har verneprosessen ei fastsett ramme å jobbe vidare innanfor. Slik blir prosessen føreseieleg for alle partar. Ved å følgje denne lenkja finn du vår oversending til direktoratet.
Arbeidet med konsekvensutgreiing (KU) er ute på anbod
Vi har fått midlar slik at vi kan få produsert ei konsekvensutgreiing for det marine vernet av Sognefjorden. Sidan arbeidet er såpass omfattande ligg det ute som eit offentleg anbod på Doffin. Du kan lese anbodsdokumenta ved å følgje denne lenkja. Frist for levering av tilbod er den 10. november. Etter planen skal arbeidet med KU være i gang 1. desember i år og ferdig KU skal leverast innan 1. desember 2024.
Kartlegging og modellering av fjordbotnen
Vi fekk midlar på slutten av 2022 til å kartleggje enkelte grunne område i Sognefjorden. Rapporten frå Rådgivende biologer kan du lese ved å følgje denne lenkja. Kartlegginga gav oss ny kunnskap om naturtypar på grunne område langs fjorden som sjøfjærbotn og ålegraseng.
Hausten 2023 er Havforskningsinstituttet (HI) ute med båt og undervassdrone. Forskarane skal kartleggje Sognefjorden for viktig biologisk mangfald. Dei skal også lage ein modell, basert på kartleggingsdata, for å kunne forutseie kor det kan vere viktig naturmangfald. Sidan det ikkje er mogeleg, innanfor ressursane vi har til rådvelde, å kartleggje kvar meter av fjorden, er det nyttig å kunne modellere kor artar har sine leveområde. Havforskningsinstituttet skal også kartleggje mykje nytta ankringsområde i fjorden.
Kva skjer i verneprosessen framover?
Når utgreiingsprogrammet er fastsett vil vi setje i gang med møte i referansegruppene. Vi har føreslege tre ulike referansegrupper med representantar frå t.d. kommunar, næringsaktørar, organisasjonar, akademia, med fleire. For å lese meir om referansegruppene og korleis vi vil jobbe med involvering, sjå framlegget vårt til utgreiingsprogram ved å følgje denne lenkja.
Det vil truleg ta eit drøyt år før KU er ferdig. Deretter vil Statsforvaltaren trenge nokre månaders arbeid for å kunne lage eit framlegg til vernekart og vernereglar. Vi håpar å leggje fram eit verneframlegg i løpet av vinteren/våren 2025. Då vil det bli god tid for alle å kunne seie si meining.
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Julie Marie Andersen
Tlf: 55 57 23 55 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50