Nye nasjonale forventningar til planlegginga
Regjeringa har ved kongeleg resolusjon 20. juni vedteke nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging som skal gjelde til 2027.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 20.06.2023
Regjeringa har lagt vekt på at planlegginga skal byggje opp under berekraftsmåla, dei nasjonale klima- og miljømåla, lokalt folkestyre og moglegheitene for verdiskaping og busetjing i heile landet.
Fylkeskommunane og kommunane skal følgje opp dei nasjonale forventningane i planstrategiar og planar. Forventningane skal også leggjast til grunn av statlege styresmakter når dei tek del i planlegginga.