Cecilie Daae med innlegg for fylkesberedskapsrådet
Fylkesberedskapsrådet er tysdag og onsdag samla i Sogndal for å drøfte felles samfunnstryggleiks- og beredskapsutfordringar. Første føredragshaldar var Cecilie Daae, direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Daae snakka om utfordringsbiletet, og korleis vi bør jobbe nasjonalt, regionalt og lokalt med samfunnstryggleik og beredskap. Ho trakk mellom anna fram viktigheita av god kommunikasjon mellom beredskapsaktørane som ein viktig faktor for godt beredskapsarbeid.
Direktøren gav beredskapsrådet eit innblikk i det heilskaplege risikobiletet, og trekte fram utfordringar rundt omorganiseringsprosessar hjå sentrale beredskapsaktørar. Representantar frå politiet, Sivilforsvaret, Heimevernet og Alarmsentralen presenterte endringane i eigne organisasjonar. Innspela til føredragshaldarane vert følgt opp av med debatt om korleis vi skal sikre god samfunnstryggleik og beredskap etter omorganisering og nye strukturar.
Etter lunsj vil hovudtemaet vere helseberedskap. Då skal professor Geir Sverre Braut gi eit overordna blikk på nasjonale og internasjonale beredskapsutfordringar, med særleg merksemd på problemstillingar innan helseområdet. Terje Olav Øen, beredskapssjef i Helse Førde, og assisterande fylkeslege Linda Svori vil snakke om regionale og lokale utfordringar innan helseberedskapsområdet.