Roller og ansvar knytt til samfunnstryggleik i arealplanlegging
Det er fleire myndigheitsorgan som har fag- og rettleiingsansvar, og motsegnsmynde knytt til samfunnstryggleik i planarbeid. Her finn du ei kort skildring av dei mest sentrale, og lenker til dei ulike aktørane sine nettsider.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Som planmyndigheit har kommunen ansvar for at det er gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (jf. plan- og bygningslova § 4-3), at farar er kartlagt, vurdert og tatt tilstrekkeleg omsyn til før vedtak av plan. Utbygging må i så stor grad som mogleg styrast vekk frå fareområde. Det skal fastsetjast omsynssoner i plankart, og krav til vidare utgreiing og/eller tiltak må følgjast opp i føresegner til planen.
Statsforvaltaren skal gi råd, rettleie og vere pådrivar for eit målretta og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og skal mellom anna saman med fagetatane sjå til at kommunane tek i vare krav til samfunnstryggleik i samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova og gi naudsynt rettleiing. Statsforvaltaren er òg sentral aktør i arbeidet med klimatilpassing og fungerer som bindeledd mellom sentrale myndigheiter og kommunane i dette arbeidet.
Statsforvaltaren har ansvar for å samordne eventuelle motsegner frå statlege aktørar og fylkeskommune til plansaker på høyring.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har eit nasjonalt samordningsansvar for samfunnstryggleik og beredskap, og er fagdirektorat for mellom anna brann og farlige stoff. DSB har eit overordna ansvar for å følge med på forhold som påverkar beredskapen i samfunnet. Dei skal mellom anna samanstille kunnskap og erfaringar, gi informasjon og rettleiing om regelverk, gjennomføre tilsyn med brannvesen, og dei er fagmyndigheit for saker som gjeld storulukkeverksemder. DSB har publisert rettleiingsmateriale knytt til samfunnstryggleik i arealplanlegging, havnivåstiging og stormflo, og storulukkeverksemder. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) er sentral myndigheit på fleire område innanfor bygningsdelen av plan- og bygningslova, og skal bidra til fagleg utvikling i samhandling med kommunar, byggjenæringa og andre aktørar. DIBK forvaltar og utviklar regelverk som skal syte for at bustader og bygg er sikre, deriblant Byggteknisk forskrift (TEK17), og er nasjonalt kompetansesenter på bygningsområdet. Sentralt i høve tema samfunnstryggleik og beredskap er kapittel 7 i TEK17 om sikring mot naturpåkjenningar som til dømes flaum og skred. DIBK er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte vass- og energiressursar, syte for sikker straumforsyning og betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredfare. NVE er underlagt Olje- og energidepartementet. NVE gir råd og rettleiing til kommunane sitt arbeid med vurdering av flaum- og skredfare i arealplanar, men òg i spørsmål knytt til andre fagfelt som til dømes vassdrags- og energianlegg. NVE vil uttale seg til planar der dei meiner vesentleg flaum- og skredfare eller andre vesentlege omsyn ikkje er tilstrekkeleg teke i vare. NVEs rettleiingsmateriale til arealplanlegging finns samla på denne sida.
Kontaktpersonar
-
Arve Meidell
Tlf: 55 57 21 10