Tilbod til barn og unge med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2022 23:59
- Målgruppe:
- Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem som har behov for utgreiing, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting og deira familiar
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar og kommunar og helseføretak i lag
- Rapporteringsfrist:
- 14. mars 2022 23:59
Tilskotet skal bidra til å styrke tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig, tilpassa og/eller samansett oppfølging. Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2021 er oppdatert til 14. mars.
Tenestetilbodet skal utviklast og setjast i verk saman med brukarar/pasientar.
Søknad om tilskot 2022
Regelverket for ordninga er endra på fleire punkt og vi oppmodar difor om å lese regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.
Søkarar til FACT-ung team må setje seg grundig inn i FACT-modellen. Sentrale komponentar i FACT-ung finn de under punkt 4 i regelverket. Sjå også webinar om FACT Ung, som du kan sjå hos NAPHA.
Søknadsskjema og regelverk finn de under fana «Dokument».
Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 31. mars 2022.
Les meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.
Rapportering på tilskot 2021
Skjema for rapportering finn de under «Dokument».
Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 14. mars 2022.
Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 31. mars 2022.
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2022 23:59
- Målgruppe:
- Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem som har behov for utgreiing, behandling og oppfølging, og dei som lever med høg risiko for å utvikle alvorleg funksjonsnedsetting og deira familiar
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar og kommunar og helseføretak i lag
- Rapporteringsfrist:
- 14. mars 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Mona Fauskanger
Tlf: 55 57 22 03 -
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00