Tilskot til symjeopplæring i barnehagar

Søknadsfrist:
21. august 2024 15:00
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år
Ansvarleg:
Statsforvaltaren v/ Celine Lunder
Kven kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
Rapporteringsfrist:
1. januar 2025 15:00

Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan no søkje om tilskot til symjeopplæring for barnehagebarn for kalenderåret 2024.

Publisert 04.01.2024

Målet med opplæringa, målgruppe og retningslinjer for bruk av tilskotet

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gje barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn. Målet er å gje barna betre symjeferdigheiter.

Målgruppa er barn i barnehage i alderen 4-6 år.

Symjeopplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og skal i hovudsak føregå i basseng. Tilskotet kan òg brukast til å dekkje transport til og frå symjehall, eller til vikarutgifter for å kunne gjennomføre symjeopplæringa. Tilskotsmottakarane vel sjølv korleis opplæringa skal bli organisert og gjennomført. Tilskotet skal i sin heilskap bli brukt til aktivitetar relatert til symjeopplæring av barna.

Det er mogleg å søkje om inntil 2000 kroner per barn i 2024. Det kan berre søkjast om tilskot for eitt kalenderår om gongen. 

Søknad og søknadsfrist

Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar sender inn søknad til Statsforvalteren i eiget fylke. Søknaden må ikkje gå via kommunen eller ein frivillig organisasjon. Frivillige organisasjonar og barnehagar kan velje å sende søknad om tilskot direkte til statsforvaltaren.

Samarbeid mellom kommune og frivillige organisasjonar blir prioritert. Fleire kommunar kan òg samarbeide om å etablera eit opplæringstilbod.

Søknadsfristen er 21. august 2024. De finn søknadsskjema i høgremenyen på nettsida.

Rapportering og rapporteringsfrist

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2024 rapportere til Statsforvaltaren om bruk av tilskotsmidlane. De finn rapporteringsskjema i høgremenyen på nettsida.

 

Søknadsfrist:
21. august 2024 15:00
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år
Ansvarleg:
Statsforvaltaren v/ Celine Lunder
Kven kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
Rapporteringsfrist:
1. januar 2025 15:00