Saks-ID i elektroniske skjema til verjemålsseksjonen
Du kan sende elektronisk søknad eller melding til verjemålsseksjonen via Altinn. I desse elektroniske meldings- og søknadsskjemaene, kan du bli bedt om å oppgje saks-id (referansenummer). Dersom vår saks-id har meir enn seks siffer, får du feilmelding når du skriv det inn i skjemaet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Saks-id er det referansenummeret vi nyttar i verjemålssaka til den som har verje. Dette referansenummeret står øvst til høgre i eit av breva du har fått frå oss.
På grunn av ei feil, kan du ikkje leggje inn meir enn seks siffer i feltet for saks-id i dei elektroniske søknads- og meldingsskjemaene du sender til oss. Nokre saker hos oss har saks-id med meir enn seks siffer.
Vi har meldt feilen til Statens sivilrettsforvaltning.
Fram til feilen er retta, rår vi deg til å velje følgjande løysing:
- Viss det er mogleg, kan du la feltet for saks-id stå tomt i skjemaet. I staden kan du oppgje saks-id i tekstfeltet.
- Dersom du ikkje kjem vidare utan å oppgje saks-id, kan du ta bort det siste sifferet.