Gjeremål ved oppstart av eit verjeoppdrag
Straks verja får brev om oppnemning frå oss, er det viktig å lese vedtaksbreva nøye. Verja må setje seg inn i saka og få oversikt over situasjonen til verjehavar. Her er ei oversikt over viktige gjeremål ved oppstart av verjeoppdraget:
Etablere kontakt med verjehavar og hjelpeapparat
Levere skjema om økonomisk status
Få tilgang til skattemelding og digipost
Ta introduksjonskurs
Alle oppnemnde verjer har tilgang til ei digital kursplattform ved å logge seg inn på Mine verjemål.
Dersom du er oppnemnd som verje for første gong, må du ta eit introuksjonskurs. Kurset er obligatorisk for alle ny verjer, og gjer ei innføring i grunnleggjande ting du må vite om verja si rolle, kva verje må kunne og verjemålssystemet.
Etablere kontakt med verjehavar og hjelpeapparat
Verja må så snart som råd kome i kontakt verjehavar, t.d. ved å ta ein telefon til vedkommande for å avtale møte. Dersom verjehavar bur på sjukeheim eller i anna institusjon eller tiltak, kan ein ta kontakt gjennom personalet. Viss vi har kontaktinformasjon til verjehavar, vil vi i mange tilfelle oppgi dette i brev om oppnemning av verje. Der opplyser vi og verjehavar om telefonnummer til verja.
Levere skjema om økonomisk status
Verja skal innan 30 dagar etter oppstart av verjemålet levere eit skjema om økonomisk status for verjehavar til oss. Skjemaet gir ein oversikt over verjehavar sine inntekter, formue, gjeld, uteståande hjå andre, eigedomar og lausøyre, buutgifter og liknande, og er viktig for vårt og verjas vidare arbeid med saka. Dersom skattemelding ligg ved vedtak om oppnemning av verje, kan denne vere til hjelp ved utfylling av økonomisk status. Viss ikkje må verja sjølv få tak i denne.
Sende verjeerklæring
Ei verjeerklæring stadfester at du har teke på deg oppdraget som verje og at du er gjort kjent med dei plikter du har som verje. Verjeerklæringa skal signerast og sendast til Statsforvaltaren innan 30 dagar etter oppnemning.
Her finn du skjema for verjeerklæring.
Vurdere adresseendring
Ved oppstart av verjemålet bør verje og verjehavar ta stilling til om posten til verjehavar skal gå til verja, og om postadressa skal endrast hjå Folkeregisteret. Dersom de skal endre adressa, gå inn på Skatteetaten sine heimesider og vel Skriv til oss. Då må verje logge seg inn med MinID og sende melding i Altinn om at du er verje, oppgi namn og fødselsnummer til den du er verje for og ønska adresse. Etter nokre dagar kjem det melding om at Folkeregisteret har endra adressa. Verja vil no få all post til verjehavar. Dersom ein ikkje ønskjer at verje skal ha all post, kan verje og verjehavar lage ei liste over nettleverandør, straumleverandør og andre aktuelle kreditorar og kontakte desse direkte. Adressa må då endrast hjå kvar enkelt og ein må hugse å endre tilbake ved avslutning av verjemålet. Ei anna løysing kan vere å alliere seg med sjukeheim, institusjon eller pårørande om oppsamling og oversending til verje.
Få tilgang til bank
Dersom verja skal ha tilgang til verjehavar sine kontoar, må verja ta kontakt med verjehavar sin bank. Dei ulike bankane har ulike krav for at verje skal få tilgang til kontoane. Verja må legitimere seg og vise verjefullmakta. Nokre bankar vil ha verjefullmakta i sine arkiv. Lever då ein kopi og ta godt vare på originalen sjølv. BankID er ein identitetsnøkkel på høgaste tryggleiksnivå som gir tilgang til alt av verjehavar sine opplysningar. Verja kan derfor ikkje bruke verjehavar sin BankID, men kan få tilgang til verjehavar sine kontoar via eigen BankID.
Få tilgang til skattemelding og digipost
Verja skal som hovudregel heller ikkje bruke verjehavar sin MinID fordi også denne er personleg. Likevel er det enkelte opplysningar verja treng og kan få tilgang til.
Verja kan sende kopi av verjefullmakta til Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Dei vil då nullstille verjehavar sin innloggingsprofil på MinID. Aktiveringsbrev blir då automatisk sendt ut til den folkeregistrerte adressa til verjehavar. Du kan deretter gå inn på http://aktiveringsbrev.minid.digdir.no/?locale=nn og skrive inn aktiveringskoden for å opprette MinID-brukar. Når MinID-brukar er oppretta, må du velje innloggingsmetoden eingongskode på SMS. Det er viktig at verja legg til sitt eiga telefonnummer. Med eingongskode på SMS kan verja logge seg inn og bl.a få tilgang til skattemelding og skatteoppgjer, og innlogging i Nav og andre tenester. MinID har eit lågare trykkleiksnivå enn BankID og gir derfor meir avgrensa tilgangar.
Ta kontakt med Digdir for rettleiing.
Alternativet er å møte opp personleg på sitt lokale skattekontor, legitimere seg med verjefullmakt og få skattemelding for verjehavar der.
Oppretting av Digipost krev innlogging med BankID. Digipost kan derfor ikkje brukast av verje. Dette kan vere ei utfordring for verje dersom personen med verje får brev frå det offentlege i Digipost. Verje kan då seie opp eller deaktivere avtale med Digipost. Meir informasjon om dette finn ein på Digipost sine nettsider.
Etableren kredittsperre
Kredittsperre er ei frivillig sperre mot å bli kredittvurdert hjå kredittopplysningsverksemdene. Med ei slik sperre vil ikkje andre kunne hente ut kredittopplysningar. Kredittsperre kan vere ei trygg og føreseieleg løysing for både verjehavar og verje fordi det kan hindre svindel og misbruk og det vil gjere det vanskelegare for aktive verjehavarar ta opp lån og kjøpe på kreditt utan at verja får kjennskap til det. Verja må ta direkte kontakt med kredittopplysningsverksemdene og verje må samtykke til at sperra blir sett. Verje bør halde ei samla oversikt over dei ulike sperrene og kodane for oppheving. Ein må også ta direkte kontakt med verksemdene ved oppheving av sperre. Oppheving er særleg aktuelt ved avslutning av verjemål av andre grunnar enn dødsfall. Meir informasjon kan ein finne på Datatilsynet sine nettsider.