Godtgjering for representantar
Einslege mindreårige asylsøkjarar har rett på ein representant som skal ta hand om interessene deira i asylsaka og andre forhold som fell inn under verje- og foreldreansvaret.
Representantar vil som hovudregel ha rett på godtgjering og utgiftsdekning etter faste satsar, og vi skil mellom arbeid utført før og etter asylintervju.
Før gjennomført asylintervju blir oppdraget godtgjort med:
- kr 1 200,- for asylregistrering med varigheit på inntil tre timar
- kr 1 600,- for asylregistrering med varigheit på over tre timar
- kr 1 000,- for ankomstsamtale
- inntil tre besøk à kr 800,- per besøk
- kr 1 000,- for anna arbeid
- kr 1 600,- for asylintervju med varigheit på under fire timar
- kr 2 800,- for asylintervju med varigheit på over fire timar
- kr 600,- per reise tur/retur ved reisetid over 30 minuttar kvar veg
- kr 800,- i utgiftsdekning
Etter gjennomført asylintervju har representanten rett på kr 850,- per månad i godtgjering og kr 100,- per månad i utgiftsdekning.
Ved skifte av representant får begge representantane heile satsen for den månaden skiftet skjer.
Det er Statsforvaltaren som dekker kravet om godtgjering og utgiftsdekning til representanten.
Kva arbeid og oppgåver gir ikkje rett til godtgjering?
Vilkår for timegodtgjering
Den faste satsen er meint å dekke det arbeidet du gjer i løpet av året. Nokre periodar kan det vere meir å gjere enn i andre.
Du kan likevel søkje om timegodtgjering dersom den faste satsen ikkje er tilstrekkeleg til å dekke arbeidet du gjer eller dersom omfanget er så lite at det ikkje er rimeleg å krevje fast sats. Timesats for representantar er kr 400,-.
For å kunne vurdere om vilkåra for timegodtgjering er oppfylte må vi ha ei timeliste som viser kva arbeid som er gjort. Timelista må innehalde dato for når arbeidet er utført, skildring av kva oppgåver som er utført og den faktiske tida du har brukt på kvar oppgåve.
Det er ikkje mogeleg å få timegodtgjering og fast sats for same periode. Timegodtgjering skal berre innvilgast unntaksvis og det er opp til oss å vurdere om kravet er rimeleg eller ikkje.
Dekning av faktiske utgifter
Mindre reiseutgifter skal dekkast av den faste satsen. Dersom ein har reiseutgifter utover dette, kan ein søkje om å få desse dekt. Utgiftene må dokumenterast i form av kvittering(ar) og kilometerliste som inneheld dato, formål med reisa og informasjon om kvar du har reist til og frå.
Korleis søkje?
Du kan sende søknad til oss elektronisk eller per post. Du finn søkandsskjema til høgre. Du kan laste opp skjemaet som vedlegg til ei Sikker melding til Statsforvaltaren.
Kva må søknaden innehalde?
Søknaden må innehalde opplysningar om kva du søkjer om, kva periode søknaden gjeld for og kven som skal dekke kravet.
Viss du søkjer om timegodtgjering må du grunngje kvifor fast sats ikkje er tilstrekkeleg og leggje ved timeliste saman med søknaden.
Om du søkjer om utvida utgiftsdekning må ein leggje ved ei kilometerliste, kvitteringar og liknande. Kilometerlista må innehalde dato, formål med reisa, kvar du har reist til og frå, og kor mange kilometer du har køyrt.
Du må òg opplyse kva kontonummer kravet eventuelt skal utbetalast til, og om det skal utbetalst som lønsinntekt eller næringsinntekt (om du har organisasjonsnummer).
Kva arbeid og oppgåver gir ikkje rett til godtgjering?
Det er berre oppgåver som ligg innanfor mandatet som gir rett til godtgjering.
Praktiske oppgåver som å følgje til lege, handle eller liknande er ikkje noko representanten kan krevje godtgjering for.
Du kan heller ikkje krevje godtgjering for å delta på sosiale aktivitetar eller besøk.
Dette gjeld også ved søknad om dekning av faktiske utgifter.
Utgifter til tolk
Det er sett ei øvre grense for kva beløp vi dekkjer til bruk av tolk.
Beløpsgrensa er per i dag kr 3 800,- per oppdrag. Dersom det er nødvendig med meir bruk av tolk kan du søkje om førehandsgodkjenning til dette.
Det er berre utgifter til tolk mellom representanten og den mindreårige som blir dekt. Dersom det er nødvendig med tolk i møte med det offentlege skal dette dekkast av det aktuelle forvaltningsorganet.
Korleis klage på vedtaket?
Dersom representanten eller den mindreårige er usamd i vedtaket, kan dei sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast inn innan fristen, som er tre veker frå ein har fått vedtaket.