CIM

DSB-CIM er eit nettbasert krisestøtteverktøy som er kjøpt inn av DSB for alle fylkesmenn og kommunar i Noreg. Desse kan dermed ta i bruk CIM utan å betale lisens, brukarstøtte eller driftskostnadar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2014

CIM er eit verktøy som kan nyttast i kommunen sin beredskapsplanlegging, risiko- og sårbarheitsvurdering, dagleg hendingshandtering, krise- og mediehandtering, evaluering, opplæring og trening. Den kan òg nyttast ved kommunen sine rutinemessige oppgåver for å systematisere og organisere desse.

Ei viktig oppgåve for CIM er å sikre informasjonsflyt internt i kommunen, mellom kommunar, og mellom kommunar og resten av forvaltinga. Dette vil mellom anna gjere det lettare å trekke vekslar på erfaring og andre kommunar sitt arbeid innan samfunnstryggleik og beredskap. Kommunar kan til dømes nyttegjere seg av allereie gjennomførte ROS-analysar, dele informasjon og ta i bruk «beste praksis».

Under finst ein del rettleiingar som kan nyttast til opplæring og øving.

Veiledning nr E1 - logge inn i CIM
Veiledning nr E2 - endre egen profil i CIM
Veiledning nr E3 - finne distribusjonslister i CIM

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.