Tilskot til vaksne med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester.

Søknadsfrist:
31. mars 2022
Målgruppe:
Personar med langvarige og samansette tenestebehov rus og/eller psykisk liding
Ansvarleg:
Helse og sosialavdleinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal

Målet med ordninga er å styrke tilbodet til personar med langvarige og samansette tenestebehov gjennom å etablere heilskaplege, samtidige og tverrfaglege tenester fra ulike nivå og sektorar. For eksempel utvikling og til drift av FACT team. Tenestetilboda skal utformast i samarbeid brukarar/pasientar.

Publisert 18.02.2022

Søkar kan velgje å utvikle tiltak gjennom kommunale tiltak/tenester, interkommunalt samarbeid eller i samarbeid med helseføretak og kommune. Kommunen skal stå som hovedsøkjar også når det søknaden er utforma i samarbeid med helseføretaket. Søknaden skal da utformast i fellesskap mellom dei kommunane som deltek og helseføretaket. Inngått samarbeidsavtale skal følgje søknaden.
Som en overgangsordning kan helseføretak stå som søker saman med kommunen der det har vore gjort tidlegare og da med samarbeidsavtale. Ein part søkjer på vegne av partane som inngår i samarbeidet, og er økonomisk og administrativt ansvarleg for gjennomføring av tiltaket/prosjektet ovanfor Helsedirektoratet.

Vedlagt ligg regelverk, søknadsskjemaSøknadsfrist 31. mars

I tillegg finn du  rapporteringsskjema for ordninga for dei som fekk slikt tilskot i 2021. Frist for slik rapportering er 14.mars

Søknadsfrist:
31. mars 2022
Målgruppe:
Personar med langvarige og samansette tenestebehov rus og/eller psykisk liding
Ansvarleg:
Helse og sosialavdleinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal