Forvaltningssamling i landbruket 14.-15. november 2016

Dato:
14. november 2016 09:00 - 15. november 2016 15:30
Sted:
Scandic Seilet hotell, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sakshandsamarar som arbeidar med tilskot i jordbruket i kommunane i Møre og Romsdal

Fovaltningssamling i landbruket

Publisert 14.09.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil invitere sakshandsamarar i kommunane som arbeider med tilskot i jordbruket til samling.

Tid: 14.-15. november 2016

Stad: Scandic Seilet hotell, Molde

På denne samlinga vil vi gå litt i djupna på eit utval av tema frå tilskotsforvaltninga, og håper å få til både informasjon, dialog og diskusjonar.  Vi legg ut detaljert program seinare, men hovudtema vert innan forvaltningsrett, sakshandsaming, kontroll, kart og anna nytt.  Direktoratet vil delta på samlinga.

Håpar flest mogleg vil ta seg tida til å delta.  I tillegg til fagleg påfyll og diskusjonar, kan vi freiste med god middag og lett underhaldning.

Økonomi:  Konferanseavgift på kr 500 pr deltakar.  Konferanseavgifta vert fakturert frå Fylkesmannen. 

Påmelding:  Det er elektronisk NY FRIST for bindande påmelding innan 23. oktober 2016.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
14. november 2016 09:00 - 15. november 2016 15:30
Sted:
Scandic Seilet hotell, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sakshandsamarar som arbeidar med tilskot i jordbruket i kommunane i Møre og Romsdal