Kunngjeringar
Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Løyve til utfylling i Midsund
Fylkesmannen gjev kommunen løyve til tiltak over forureina sjøbotn ved Antonbua.
Publisert 14.02.2017
Norsk Gjenvinning AS gis løyve etter forureiningslova til sortering og mellomlagring av avfall i Kristiansund
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt løyve til Norsk Gjenvinning AS til å sortere og mellomlagre avfall ved Dale industriområde i Kristiansund kommune.
Publisert 06.02.2017
Løyve til tiltak ved Kristiansund Mekaniske
Fylkesmannen gjev verksemda løyve til inngrep i forureina grunn på verftsområdet.
Publisert 12.01.2017
Løyve til mottak, sortering og mellomlagring av ordinært avfall samt EE-avfall for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS i Ulstein kommune
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 10.01.2017 gitt Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS løyve til å ta imot, sortere og mellomlagre ordinært avfall samt EE-avfall på verksemdas område på Saunesmarka i Ulstein kommune. Løyvet gjeld for eit årleg mottak av inntil 10.500 tonn ordinært avfall og 250 tonn EE-avfall.
Publisert 22.12.2016
Løyve til kompostering av oljehaldig masse for Vestnes Renovasjon
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 15.12.16 gitt Vestnes Renovasjon AS løyve til kompostering av oljehaldig masse ved verksemda sitt anlegg i Øveråslia i Vestnes kommune.
Publisert 13.12.2016
Løyve til mottak, behandling og lagring av ordinært avfall for Vestnes Renovasjon i Vestnes kommune
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 12.12.2016 gitt Vestnes Renovasjon AS løyve til å ta imot, behandle og mellomlagre ordinært avfall på verksemdas område i Øveråslia i Vestnes kommune. Løyvet gjeld for eit årleg mottak av inntil 4500 tonn.
Publisert 02.12.2016
Løyve til mottak, behandling og lagring av ordinært avfall for Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonsselskap i Molde kommune
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 26.10.16 gitt RIR IKS løyve til å ta imot, behandle og mellomlagre ordinært avfall på verksemdas område i Årødalen i Molde kommune. Løyvet gjeld for eit årleg mottak av inntil 50.000 tonn.
Publisert 30.11.2016
Løyve til utfylling i Åndalsnes
Fylkesmannen gjev Elementpartner AS løyve til utfylling med massar ved Øran Vest i Rauma kommune.
Publisert 23.11.2016
Forbrenningsanlegg i Stranda
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 21.11.16 gitt Langlo AS løyve etter forureiningslova til utslepp frå verksemda sitt forbrenningsanlegg. Det kan brennast inntil 500 tonn treavfall årleg ved Langlo AS sin fabrikk i Svemorka i Stranda kommune.
Publisert 17.10.2016
Løyve til mottak og kapping av sjøkabel i Ørsta
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 04.10.16 gitt Elektrogjenvinning Møre AS tidsavgrensa løyve til å ta imot og kappe oljehaldig sjøkabel på kaiområde i Ørsta.