Løyve til mudring i to verneområde i Trøndelag
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Statsforvalteren i Trøndelag løyve til mudring i verneområda Lyngås-Lysgård og Eidsvatnet. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er oppnemnd som settestatsforvaltar av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i dei aktuelle sakene.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tiltaka i Lyngås-Lysgård fuglefreidingsområde i Verdal kommune omfattar mudring/opptak av om lag 50 m3 massar frå sjøbotnen i Leksdalsvatnet. Tiltaka i Eidsvatnet fuglefreidingsområde i Ørland kommune omfattar mudring/opptak av om lag 20 m3 massar frå sjøbotnen i Eidsvatnet. Båe tiltaka gjerast i tilknyting til fjerning av vassplantar med røter. Hensikta er å etablere kanalar med opent vasspegel for å betre tilhøva for fuglelivet i området. Tiltaka er planlagt utført seint på sumaren 2021.
Vedtaka med løyve kan lastast ned via lenkjene til høgre på denne sida.
Klage på eller kommentarar til vedtaka sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Kontaktpersoner
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74