Meanderen, kroksjøen og flaumlaupet som forsvann

Dei slynga, bukta og kveila seg nedover dalane. Den dynamiske elva. Kvar er den blitt av?

Publisert 21.08.2019

Sæterøya og Ranesevja er to av fire delområde i Surna naturreservat. Dei to områda inngår i naturtypen «kroksjøar, flaumdammar og meandrerande elveparti». Dette er ein dynamisk og artsrik naturtype som krev at elva får renne fritt gjennom dalføre for at dei skal dannast og oppretthaldast over tid.

I dag er denne naturtypen under sterkt press på grunn av kraftutbygging, kanalisering, erosjons- og flaumdempande tiltak i elvane og dyrking og bygging heilt ned til elvekantane. Sæterøya og Ranesevja var i ferd med å gro att. Dette er i utgangspunktet ein naturleg prosess, men prosessen går fortare som følgje av mellom anna at Surna er sterkt regulert, tilsig av næringsrikt vatn frå jordbruket, mindre utskifting av vatn enn tidlegare og tilførsel av finsediment. I tillegg har fleire bruer blitt erstatta med fyllingar med for røyr gjennom slik at vatnet ikkje kom seg lengst opp i Sæterøya.

imagezlwo.png

Eksempel på gjengroing i Sæterøya. Foto: Miljøvernavdelinga. 

Før 1.jpg

Eksempel på gjengroing i Ranesevja. Foto: Miljøvernavedelinga. 

Med bakgrunn i problematikken nevnt ovenfor vart det beslutta å restaurere områda. Formålet var å auke vanngjennsomstrømminga, åpne vasspegelen og dermed også forbetre dei økologiske høva, spesielt knytt til våtmarksfugl i naturreservatet. 

Mykje godt kunne gjerast med å opne opp igjen vasspegelet ved å mudre ut. I Sæterøya var det i tillegg til utmudring nødvendig å bytte ut og sette inn nye større kulvertar for å forbetre gjennomstrøyminga gjennom kroksjøen. 

DSCN0802.jpg

Det var NVE Anlegg som utførte utmudringa for oss. Her er dei i ferd med å lage ei lita øy lengst sør i Sæterøya. Øya skal fungere som eit friområde for fugl. Foto: Miljøvernevdelinga.

blobid0.png

I Sæterøya vart store delar av kroksjøen mudra ut. Her er før og etterbilete. Etterbilete er tatt umiddelbart etter tiltaket og difor ser det litt skrint ut på biletet. Foto: Miljøvernavdelinga.

for og etter mudring

I Ranesevja blei to større kulpar utmudra. Her er den eine representert med før og etter bilete. Foto: Miljøvernavdelinga.