Om oss
Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Oppgåver og ansvar
Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegne av departementa. Statsforvaltaren kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi sit på viktig lokalkunnskap.
Statsforvaltaren skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.
- Statsforvaltaren er sektorstyresmakt på ei rekkje viktige politikkområde. Som sektorstyresmakt representerer Statsforvaltaren fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn.
- Statsforvaltaren er rettstryggleiksstyresmakt som klageinstans for kommunale vedtak og som tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.
- Statsforvaltaren er regional samordningsstyresmakt for staten. Statsforvaltaren skal blant anna samordne statlege verksemder og arbeidet deira mot kommunane.
- Som regjeringa sin representant i fylket skal Statsforvaltaren arbeide på vegner av og ta initiativ som er til beste for fylket.
- Statsforvaltaren skal halde sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket og formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.
Statsforvaltaren har òg oppgåver for Kongehuset. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Kommunal- og distriktsdepartementet.
Instruks for statsforvaltere har meir om oppgåvene til embetet.
Organisasjonen
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har om lag 150 tilsette og er lokalisert på Fylkeshuset i Molde. Embetet er organisert i fem fagavdelingar og tre stabseiningar.
Dei fem fagavdelingane er:
- Justis- og verjemålsavdelinga
- Helse- og sosialavdelinga
- Landbruksavdelinga
- Miljøvernavdelinga
- Oppvekst- og utdanningsavdelinga
Dei tre stabseiningane er:
- Administrasjon
- Samordning
- Samfunnstryggleik og beredskap
Miljøvernavdelinga
Miljøvernavdelinga skal medverke til å gjennomføre den nasjonale miljøvernpolitikken. Miljøverndepartementet og det nye Miljødirektoratet er våre oppdragsgjevarar.
Oppvekst- og utdanningsavdelinga
Statsforvaltaren skal bidra til at det blir heilheit og samanheng i tiltaka retta mot barn og unge slik at dei får sine rettar oppfylt og at dei får ei god opplæring og eit godt oppvekstmiljø i barnehagar og grunnopplæringa i fylket vårt. Dette gjeld også vaksenopplæringa.
Landbruksavdelinga
Statsforvaltaren skal medverke til at den nasjonale landbrukspolitikken blir gjennomført ved hjelp av informasjon, forvalting av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak.
Helse - og sosialavdelinga
Avdelinga mottek oppdrag frå fleire departement og direktorat. Gjennom oppdrag frå Statens helsetilsyn fører avdelinga tilsyn med helsepersonell og verksemder både på individ og systemnivå.
Justis- og verjemålsavdelinga
På vegne av fylkesmannen løyser Justis- og verjemålsavdelinga oppgåver for heile 10 departement.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal - Strategiplan 2020-2023
Strategiplanen er ein felles utviklingsplan for embetet.
Planen vil i første rekke ha eit internt siktemål, men vil også kunne tene som nyttig informasjon til eksterne brukarar og samarbeidspartar.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal perioden 2020-2023, arbeide aktivt for å ha ei høg måloppnåing innan alle embetsoppdrag, og samstundes prioritere følgjande tverrfaglege satsingsområde:
Planperioden har same tidshorisont som andre viktige strategiske plandokument på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå.