Godtgjering og utgiftsdekning - representantordninga
Representantar har rett på godtgjering og å få utgifter dekt. Hovudregelen er at du får ein fast sats for det arbeidet du utfører i løpet av oppdraget.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
For å få utbetalt godtgjering og utgiftsdekning, må du sende inn søknad til oss. Her er informasjon om kva du kan få betalt og kordan du skal gå fram for å søke.
Korleis søker eg om godtgjering?
- Vi anbefaler at du bruker skjema for godtgjering og utgiftsdekning for representantar når du søker om godtgjering for transitt- og ventefasen.
- Skjema kan du ha med deg når du utfører representantoppgåver hos Politiets utlendingseining, Utlendingsdirektoratet, og på mottak eller omsorgssenter. Da kan du få signatur som bekreftar at du har vore der.
- Husk å skrive ned dato og klokkeslett som viser kor lang tid du brukte på kvar oppgåve. Du må også presisere kva reisetida di har vore. Dette er viktig fordi kor lang tid for eksempel eit asylintervju varer har betydning for størrelsen på godtgjeringa for den oppgåva.
- Om du skal søke om godtgjering og utgiftsdekning utover dei faste satsane, er det viktig å skrive kvifor det er nødvendig for å ivareta barnet. Om du for eksempel må besøke barnet fleire enn tre gongar, er det viktig å skrive kvifor besøket var nødvendig og kva formålet med besøket var.
- Vi anbefaler at du sender inn søknad om godtgjering digitalt i staden for per post. Om du vil bruke Altinn, kan du legge ved skjema for transittfasen som vedlegg til elektronisk søknad om godtgjering. Om du berre skal søke om godtgjering for verjefasen, skal du berre bruke skjema i Altinn, men du bør skrive kva søknaden gjeld.
Kva får eg betalt for representantoppgåver?
Eit representantoppdrag vert delt inn i ulike fasar. Satsane for godtgjering og utgiftsdekning varierer ut i frå når du har utført representantoppgåver.
Dei tre fasane er:
- Transittfasen som varer frå registrering hos Politiet si utlendingseining (PU) til barnet har gjennomført asylintervju. I nokre tilfelle blir det ikkje gjennomført asylintervju. Da varer transittfasen fram til Utlendingsdirektoratet (UDI) har treffe vedtak i saka om beskytting.
- Ventefasen som varer frå asylintervju og fram til verjefasen startar, eller anna opphøyrsgrunn føreligg. Eit eksempel på ein annan opphøyrsgrunn kan vere at personen fyller 18 år.
- Verjefasen som varer frå barnet har fått vedtak om innvilga midlertidig opphaldstillating. Dette dannar grunnlag for permanent opphald i Norge fram til vedkommande fyller 18 år. Alternativt om ein anna grunn for opphøyr ligg føre, for eksempel at barnet forlét Norge.
Godtgjering i transittfasen
I transittfasen er hovudregelen at du får en fastsett sum i godtgjering for dei vanlegaste oppgåvene. Dei faste satsane for dei ulike oppgåvene i transittfasen er:
Registreringar hos Politiets utlendingseining (PU)
- Registreringar som varer inntil 3 timar: kr 1 200
- Registreringar som varer over 3 timar: kr 1 600
- Dersom du deltar i en vaktordning for registrering, kor to eller fleire registreringar skjer same dag, kan du få godtgjering time for time.
Ankomstsamtale:
kr 1000
Inntil tre besøk på mottak eller omsorgssenter
kr 800 per besøk
- Du kan få godtgjering for fleire besøk om det er nødvendig for å ivareta den mindreårige. Om du søker om fleire besøk, er det lurt å skrive kvifor det var nødvendig.
Asylintervju
- Asylintervju som varer inntil 4 timar: kr 1 600
- Asylintervju som varer over 4 timar: kr 2 800
Annet arbeid etter registrering hos PU
kr 1000
- Satsen gjeld arbeid utført etter registrering hos PU som ikkje vert omfatta av oppgåvene nemnt over. Husk at du må føre opp kva for arbeid som er utført i søknaden om godtgjering. Ved skifte av representant etter gjennomført registrering vert kvar enkelt representant godtgjort med denne satsen.
- Reisetid – om du har reisetid på meir enn 30 minutt per veg i samband med oppgåvene, vil du få kr 600 i godtgjering. For kortare reiser enn 60 minutt tur/retur vert ikkje denne satsen innvilga.
Utgiftsdekning i transittfasen
Hovudregelen for å dekke utgifter i løpet av oppdraget som representant er faste satsar.
- Fram til asylintervju (transittfasen): kr 800
- Deltaking på vaktordning for registrering: kr 100 per dag
I tillegg til fast sats kan du få dekka faktiske utgifter til innanlandsreiser som ikkje kan bli rekna som «mindre» reiseutgifter (t-bane, trikk) og som er nødvendige for å utføre representantoppdraget.
Kilometergodtgjering for bruk av bil vert berre tilkjent etter førehandsgodkjenning frå oss. Om du ønsker førehandsgodkjenning, må du sende inn søknad til oss og skrive kvifor det er nødvendig å bruke bil.
Ventefasen – godtgjering og utgiftsdekning
Etter at det er gjennomført asylintervju i saken er den faste satsen per månad kr 850.
I Dublin-saker begynner satsen på kr 850 å løpe etter at Utlendingsdirektoratet har treft vedtak i saka.
Fast sats for utgiftsdekning er satt til kr 100 per kalendermånad.
Verjefasen – godtgjering og utgiftsdekning
Frå midlertidig opphaldstillating er innvilga, som dannar grunnlag for permanent opphald i Norge, vert det ytt godtgjering på kr 10 000 per år. Fast sats for utgiftsdekning er satt til kr 1000 per år.
Når kan eg få innvilga timegodtgjering?
Unntaksvis kan du få innvilga timegodtgjering. Du må da dokumentere at dei faste satsane ikkje gir rimeleg dekning og timeforbruket må bli dokumentert med detaljerte timelister.