Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Rutine for søknad om fritak frå teieplikt etter tvistelova § 22-3 og straffeprosesslova §§ 118 og 230 - vitneføring og framlegging av dokument.

Dersom du er tilsett i skule, barnehage, barnevernet eller kommunalt tilsett i NAV, har forvaltningsmessige arbeidsoppgåver innanfor helsedirektoratet sitt område, eller arbeider med oppgåver etter introduksjonslova, må du bli friteken frå teieplikta dersom du skal vitne i ei rettssak eller gje forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.02.2022

Samtykke etter forvaltningslova § 13 a nr. 1
Hovudregelen er at personen som har krav på hemmeleghald kan frita frå teieplikta. Når det ligg føre eit informativt samtykke frå personen som har krav på hemmeleghald, er det ikkje nødvendig at Statsforvaltaren gjev fritak i saka. Advokat eller politi må før saka blir teken opp med Statsforvaltaren, alltid spørje om personen som har krav på hemmeleghald fritar frå teieplikta etter fvl. § 13 a nr. 1, "så lenge dette ikke er uforenlig med pågående etterforskning eller straffesak", jf. uttale frå Sivilombodet. For barn må dette avklarast med den som har foreldreansvar eller er oppnemnt som verje. Det vil i mange tilfelle vera aktuelt å nemna opp setjeverje for barn som er involvert i desse sakene. Dersom det er oppnemnt setjeverje er det denne som i første omgang skal vurdere å frita frå teieplikta på vegne av barnet. Advokat/politi tar direkte kontakt med vitnet når samtykket er gitt utan å gå vegen om Statsforvaltaren.

 

Det ligg ikkje føre informativt samtykke - Korleis søkjer eg om fritak frå teieplikta?
Det enklaste er å søkje elektronisk. Logg inn med BankID eller annan e-ID. Skjemaet finn du ved å gå i høgremargen (Elektronisk søknadsskjema). Det er ikkje mogeleg å sende søknaden på vanleg e-post. Du må sende søknaden til Statsforvaltaren på papir dersom du ikkje søkjer elektronisk. Det er oppretta sikker, kryptert linje mellom Statsforvaltaren og Politiet,  Statsadvokatembetet og Riksadvokaten slik at søknader kan sendast på e-post til sfropost@statsforvalteren.no.

 

For at Statsforvaltaren på best mogeleg måte skal kunne handsame søknaden, må den innehalde desse opplysningane:

  • Kven som er partar i saka og kven det blir søkt om fritak for opplysningar om
  • Opplysningar om det er forsøkt innhenta samtykke, og/eller om den som opplysningane direkte gjeld har fått høve til å uttale seg? Dersom det ikkje er innhenta samtykke må dette grunngjevast
  • Kva saka gjeld
  • Namn, adresse og arbeidsstad og stillingstittel for vitnet, samt ei kort utgreiing om kva vitnet skal forklare seg om
  • Lovføresegna der teieplikta er regulert
  • Når saka skal opp for retten og når vitnet skal forklare seg, kva rett saka skal gå for og saksnummer i retten
  • Uttale frå vitne og vitnets leiar, om dei har innvendingar mot forklaring

Vedlegg:

  • Stemning og tilsvar eller vedtak om tiltale

For skjema og utfyllande skildring av dei enkelte fagomgrepa, sjå skjema og ordliste til høgre.

 

Tidspunkt for søknad
Søknad om fritak frå teieplikta teieplikta bør setjast fram for Statsforvaltaren så snart som mogeleg, og seinast tre veker før saka skal opp i retten. Søknad som vert motteken mindre enn ei veke før rettssaka, kan ein normalt ikkje rekne med å få handsama ferdig i tide. Det må innsendast ny søknad om fritak for teieplikt for kvart nytt stadium i saka (avhøyr, sak for tingretten, ankesak).

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.