Kunngjering av søknad om utsleppsløyve frå All Sports Recycled Sør AS

Høringsfrist:
5. februar 2024

All Sports Recycled Sør AS har søkt Statsforvaltaren i Rogaland om løyve etter forureiningslova for nytt gjenvinningsanlegg i Oltedal, Gjesdal kommune. Søknaden gjeld behandling av kunstgrasbanar med mekanisk sortering og pyrolyse.

Publisert 03.01.2024

All Sports Recycled Sør AS har foreløpig løyve til mottak og lagring av kunstgrasbanar innandørs på gnr/bnr.: 14/364, Gjesdal kommune.

All Sports Recycled Sør AS planlegg mekanisk sortering av kunstgrasbaner kor sand og gummigranulat vert sortert frå kunstgrasmattene. Kunstgraset blir brukt i ein pyrolyseprosess (oppvarming utan tilgang på oksygen) kor det blir produsert oljeprodukt.

Sjå søknad med vedlegg i dokumentlenka.

 

Merknader til søknaden kan sendast Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger eller sfropost@statsforvalteren.no

Vennleg nytt referanse: 2023/8829.

Frist for merknader er 5. februar 2024.