Ekstra rammetilskot i 2021 som følge av pandemien
Kommunane i Rogaland har for første halvår 2021 fått 467 mill. kroner i ekstra rammetilskot som følge av utbrotet av covid-19. Denne saka gir ei oversikt over ekstra rammetilskot for å avhjelpe den økonomiske situasjonen for kommunane i 2021.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren får ein del spørsmål frå kommunane og andre om kor mykje dei har fått i kompensasjon for meirutgifter og mindreinntekter som følge av pandemien. Det er ikkje berre det ekstra skjønnstilskotet som skal kompensere for meirutgiftene. Det ekstra skjønnstilskotet som blei fordelt i juni er berre ment å dekke ekstra meirutgifter til kommunar som har hatt høge kostnadar til smittevern og TISK. Alle kommunane har mottatt ekstra rammetilskot som skal bidra til å dekke meirutgifter og mindreinntekter som følge av pandemien, og desse midlane blei tatt omsyn til ved Statsforvaltarens fordeling av det ekstra skjønnstilskotet til kommunane.
Oversikt over dei ulike tilskota
Ekstra rammetilskot framkommer i ulike proposisjonar behandla av Stortinget. Det kan vera vanskeleg å finne informasjonen og oversikta over dei ulike fordelingane. Vi har derfor samanfatta ein oversikt over ekstra rammetilskot fordelt i 2021 som er direkte relatert til virusutbrotet.
Oversikta viser rammetilskot som er gitt over kapittel 571, post 60 og 64 som er direkte relaterte til virusutbrotet i 2021. I Prop. 1 S - statsbudsjettet for 2021 blei det gitt eit særskilt tillegg i rammetilskot til kommunane på 1 900 mill. kr. som kompensasjon for skattesvikt som følge av koronakrisa i 2020. Dette tillegget er ikkje inkludert i oversikta, da fordelinga er inkludert i rammetilskotet slik det kjem fram av Grønt hefte.
Prop. 1 S Tillegg (2020-2021)
Følgande tilleggsløyvingar blei gitt gjennom tilleggsforslag til statsbudsjettet:
- Ekstra innbyggartilskot til kommunane på 4 400 mill. kr, som kompensasjon for meirutgifter/mindreinntekter som følge av pandemien. Av dette er 394 mill. kr fordelt til kommunane i Rogaland.
- Ekstra rammetilskot til kommunane på 321 mill. kr til kontrolltiltak med smittevern. Av dette er 23 mill. kr fordelt til kommunane i Rogaland.
- Ekstra skjønnstilskot 1 500 mill. kr til kommunar med høge meirutgifter til smittevern og TISK i løpet av første halvår 2021. Av dette er 50 mill. kr fordelt til kommunane i Rogaland.
Revidert nasjonalbudsjett (195S RNB)
Gjennom RNB blei følgande løyvingar relatert til pandemien gitt for andre halvår 2021:
- Ekstra innbyggartilskot til kommunane på 1 000 mill. kr. Av dette blir 89,5 mill. kr fordelt til kommunane i Rogaland.
- Ekstra skjønnstilskot til kommunane på 1 500 mill. kr for andre halvår 2021. Dette er per dags dato ikkje fordelt og retningslinjene er ikkje gitt.
- Ekstra rammetilskot på 100 mill. kr. for å kompensere for kostnader til personell ved massetesting. Dette er per dags dato ikkje fordelt til kommunane.
Rammetilskot til vaksinering
Gjennom Prop. 79 (2020-2021) - økonomiske tiltak i møte med pandemien blei det gitt løyving på 500 mill. kr gjennom rammetilskotet til covid-19-vaksinar i kommunane. Gjennom RNB blei det gitt ytterlegare 757 mill. kr. til vaksinering. Kommunane i Rogaland har derfor fått til saman 112,5 mill. kr. til covid-19-vaksinering i 2021.
Kommunevis fordeling
Kommunevis fordeling av ekstra tilskot kjem fram av tabellen under. Sjå vedlagt regneark til høgre for ei meir detaljert oversikt.
Ekstra rammetilskot for første halvår inkluderer midlar til kontrolltiltak med smittevern.
Tal i 1000 kr.
Kommune |
Ekstra rammetilskot første halvår |
Ekstra skjønnstilskot første halvår |
Ekstra innbyggartilskot |
Vaksinering |
|
Eigersund |
13 139 |
1 100 |
2 743 |
3 447 |
|
Stavanger |
119 635 |
18 000 |
26 737 |
33 608 |
|
Haugesund |
32 038 |
6 500 |
6 923 |
8 702 |
|
Sandnes |
67 019 |
5 000 |
14 922 |
18 757 |
|
Sokndal |
3 695 |
600 |
604 |
759 |
|
Lund |
3 618 |
0 |
589 |
740 |
|
Bjerkreim |
2 791 |
0 |
518 |
651 |
|
Hå |
16 620 |
1 400 |
3 546 |
4 458 |
|
Klepp |
17 133 |
1 500 |
3 681 |
4 628 |
|
Time |
16 597 |
1 200 |
3 544 |
4 455 |
|
Gjesdal |
10 891 |
800 |
2 238 |
2 813 |
|
Sola |
23 371 |
2 900 |
5 093 |
6 401 |
|
Randaberg |
10 228 |
1 300 |
2 099 |
2 638 |
|
Strand |
11 649 |
1 100 |
2 424 |
3 047 |
|
Hjelmeland |
2 628 |
0 |
479 |
601 |
|
Suldal |
4 112 |
0 |
706 |
888 |
|
Sauda |
4 745 |
0 |
846 |
1 063 |
|
Kvitsøy |
920 |
0 |
94 |
118 |
|
Bokn |
1 198 |
0 |
159 |
201 |
|
Tysvær |
10 153 |
1 400 |
2 073 |
2 606 |
|
Karmøy |
36 105 |
6 500 |
7 854 |
9 873 |
|
Utsira |
658 |
0 |
36 |
45 |
|
Vindafjord |
8 102 |
700 |
1 615 |
2 029 |
|
Sum Rogaland |
417 045 |
500 00 |
89 523 |
112 528 |
|
Sum landsbasis |
4 721 000 |
1 500 000 |
1 000 000 |
1 257 000 |
|
Kommunane må rapportere meirutgifter inn til Statsforvaltaren
I samband med RNB blei det vedtatt å auke skjønnsramma til kommunane med 1,5 milliardar kroner for andre halvår 2021. For at kommunal- og moderniseringsdepartementet skal kunne gjere ei fylkesvis fordeling av tilskotet, må kommunane rapportere inn oppdatert kunnskapsgrunnlag om meirutgiftene knytt til covid-19 andre halvår 2021. Kommunane sin frist for rapportering til Statsforvaltaren er sett til 22. oktober 2021 (OBS: framskunda frist). Et eige brev om denne rapporteringa vil bli sendt til kommunane.