Jordbruk
Plantehelseregelverket og flytting av jord
Mattilsynet har sendt brev til kommuane i Rogaland for å informere om regelverket som gjeld dersom matjord skal flyttast. Målet er å hindre at planteskadegjerarar blir spreidd i samband med flytting av jord.
Publisert 12.12.2012
Auka fokus på sauehald
Det treårige prosjektet ”Auka produksjon i sauehaldet i Rogaland” er nå avslutta. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom sauenæringa, slakteribransjen og det offentlege.
Publisert 06.12.2012
Beitelaga rapporterer at fleire lam dauda av alveld i fjor
I statistikken for organisert beitebruk 2011 utgjer tapa 4,99% for lam og 2,06 % for sau. Det har vore ein auke i tapa på lam, og ut frå rapportane til beitelaga er forklaringa at fleire lam har dauda av sjukdomen alveld. Rogaland er likevel det fylket som har lågast tapsprosent. På landsbasis er tapa 8,27 % for lam og 3,26 % for sau.
Publisert 22.10.2012
Sett i gang mekaniske tiltak no og bli kvitt siv!
Mekaniske tiltak mot siv i eng og beite har best effekt no, seint på hausten. Haugaland Landbruksrådgiving har kome med ein ny rapport om dette.
Publisert 15.09.2012
Vil bøndene i Rogaland produsere korn?
Stadig færre bønder ønskjer å dyrke korn i Rogaland. Kornarealet i fylket har mellom 2001 og 2011 gått ned med 32 %. Same tendensen er å sjå på landsbasis.
Publisert 19.06.2012
Rovvilt i beitesesongen
Saueeigarar som mistenker rovvilt som tapsårsak for beitedyr bør straks ta kontakt med Statens Naturoppsyn (SNO) sine rovviltkontaktar. Dei vil etter avtale med dyreeigar synfare kadaver eller andre sporteikn for dokumentasjon.
Publisert 23.03.2012
Når skal søknadar om nydyrking konsekvensutgreiast?
Landbruks- og matdepartementet har kome med avklaring på korleis krav om konsekvensutgreiing i nydyrkingsforskrifta skal handsamast. Det er ikkje eit absolutt krav om at søknadar på nydyrking over 50 dekar skal konsekvensutgreiast.
Kontaktpersoner
-
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77 -
Karen Beate Grimstad
Tlf: 51 56 89 40 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Hedda Haugland
Tlf: 51 56 88 13