Landbruksforvaltning

Her blir det lagt ut informasjon som er retta mot kommunal landbruksforvaltning.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 29.12.2015

Seminar om overvaking av vatn

Korleis skal kommunane gå fram for å halde oppsyn med vasskvaliteten i deira vassdrag? Rogaland fylkeskommune inviterer til seminar om overvaking av vassdrag, 9. februar på Scandic Stavanger city i Stavanger.  


Publisert 11.12.2015

Nytt Land og bruk

Går landbruket i Rogaland som det suser? I siste Land og bruk kan du lese landbruksdirektøren sine tankar om temaet. Her kan du også lese om kor mykje "dekk og diesel- landbruket" kostar bonden, og om det går mot Noregs største landbrukskommune på Jæren?


Publisert 22.09.2015

"Land og bruk" nummer 3 - 2015

Fylkesmannen er ute med eit nytt nummer av "Land og bruk". Her kan du mellom anna lese om nytt klimaskogprosjekt, omdisponering av matjord i Rogaland og krav til gjødslingsplan på gardsbruk med ekstensiv drift. 


Publisert 09.07.2015

Tilskot til dyr på beite - krav til beitetid

Kaldt og vått ver denne våren og sommaren kan gjere det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid i beitetilskota. Fylkesmannen kan dispensere frå krava, men tilrår at bøndene venter med å søkje dispensasjon til dei ser korleis hausten blir.


Publisert 07.06.2015

Ny landbruksvegforskrift

Den nye forskrifta, som blir gjeldande frå 1. juli 2015, er enklare og tydelegare enn den gamle. Fleire tiltak kan byggjast utan søknad og løyve frå kommunen. Det er strengare krav til søknaden når det gjeld fare for skade ved flaum, erosjon og skred.


Publisert 07.06.2015

Vinterskadeordninga for eng blir avvikla

Støtteordninga for vinterskade på eng blei avvikla ved jordbruksforhandlingane no i vår. Meir konkret betyr det at 2015 er siste året med statleg støtte til utbetring av klimabetinga vinterskade på eng.


Publisert 19.05.2015

"Land og bruk" nummer 2 - 2015

Her kjem nytt nummer av Land og bruk. Her finn du mellom anna informasjon om SMIL-midlar, tilskot til bygging av gjødsellager, andelslandbruk, kommunereforma, ny forskrift om plantevernmiddel, "gjerdekravet" og miljøplan i ny drakt.


Publisert 28.04.2015

Meir kontroll av foryngingsplikta

Landbruksdirektoratet innskjerpar no ytterlegare kravet til kontroll og oppfølging av foryngingsplikta i skogbruket.


Publisert 27.02.2015

"Land og Bruk" nummer 1 - 2015

Første nummer av Land og Bruk i 2015 har mellom anna oversikt over nyttige arrangement, om SMIL- og RMP-ordningane og om ei satsing på frukt og grønt.


Publisert 30.10.2014

Nei til konsesjon

Fylkesmannen har nekta konsesjon for erverv av ein landbrukseigedom i Gjesdal kommune fordi det vil vere ei driftsmessig betre løysing at eigedommen blir selt som tilleggsjord til nabobruk i drift. Landbruksdirektoratet tok ikkje klaga til følgje, og stadfesta Fylkesmannen sitt vedtak.