Prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet
Prosjekt Hålandsvatnet er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Randaberg kommune, Stavanger kommune, bondelaga, grunneigarar m.fl. Forureining har lenge vore eit problem, og målet er å få på plass fleire tiltak for å betre tilstanden i vatnet.
Medan dei andre vassførekomstane i Jæren vannområde viser teikn til betring, har Hålandsvatnet peika seg ut i negativ retning. Mange er utolmodige, og vil ha raske resultat. Men det er grunn til å smøre seg med tolmod. Langvarig belastning frå jordbruk, avløp og anna aktivitet i nedslagsfeltet har resultert i svært fosforrike sediment. Første prioritert er å redusere dei årlege tilførslane som i dag overskrid toleevna til vassdraget.
Prosjektet grip over både jordbruk, avløp og natur. Margit Reiersen blei tilsett i august 2022 som prosjektleiar, og prosjektplanen blei godkjend i styringsgruppa 17. mars 2023. Saman med kommunane, fylkeskommunen, bøndene og interesseorganisasjonane i området er det sett i gang ei rekke tiltak.
Inviterer hesteeigarar til møte om Hålandsvatnet
Saman med kommunane har prosjekt Hålandsvatnet invitert hesteeigarar til informasjonsmøte om lagring og bruk av hestegjødsel. Møtet finn stad på Kvernevik bydelshus 10. januar.
Publisert 06.12.2022
Saman for eit reinare Hålandsvatn
Planlegginga er godt i gang for ei auka innsats rundt Hålandsvatnet i dei neste tre årene!
Publisert 14.10.2022
Rapport om tilførsler og avlastningsbehov for Hålandsvatnet
2. juni 2022, ble det avholdt et åpent møte om Hålandsvatnet på Varen kulturscene i Randaberg. Under møtet, ble det presentert en ny rapport om tilførsler av næringsstoffer og avlastningsbehov for Hålandsvatnet av forskere fra Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norwegian Research Centre (NORCE).