Næringsutvikling
Fruktbønder får pengar til fornying
Fruktbøndene har i dei siste to åra blitt prioritet ved tildeling av investeringstilskot frå Innovasjon Norge. Resultata så langt er svært lovande, og marknaden etterspør stadig meir. Derfor vil styresmaktene oppretthalde prioriteringa.
Publisert 29.08.2016
Lær deg å yste!
Lise Brunborg frå Stavanger ysteri er ein meistar til å yste ost. Er du like gira som ho til å prøve ut nye mjølkeprodukt, så bli med på ystekurs i november.
Publisert 26.08.2016
Fatland slakteri tar i bruk verdas raskaste pakkeanlegg for kjøtdeig
Landbruks- og matministar Jon Georg Dale opna i dag eit av Noregs største og mest moderne produksjonsanlegg for kjøtvarer hos Fatland i Ølen.
Publisert 16.08.2016
22-åring satsar på storfe
Lasse Sagård frå Bjørheimsbygd byttar ut sauane med ammekyr. Og nytt storfefjøs er bevisst plassert i ein skråning for å spare dyrka jord og beite.
Publisert 14.07.2016
Ryfylke satsar på frukt
Gjennom prosjektet Fruktsatsing i Rogaland stimulerar Fylkesmannen til at nye dyrkingsmetodar blir tatt i bruk for å auka fruktproduksjonen i Ryfylke. Sjå innslag om satsinga på NRK.
Publisert 29.06.2016
Til himmels med humlene
På Jæren summer stadig fleire humler takka vere djup lidenskap for desse livsviktige pollinatorane.
Publisert 21.06.2016
Modne morellar til 1. juni
Nytt liv i gamle veksthus gjer at dei tidlegaste morellane blir hausta allereie første veka i juni. Med ulike sortar er tanken å kunna hausta veksthus-morellar frå mai til september. Geirmund Helgøy på Helgøy er ein av dei som satsar.
Publisert 16.06.2016
Utmarksnæringa skaper store verdiar
Utmarksnæringa bidrar med nær 50 mill kr i verdiskaping for rogalandske bønder. Dei to andre store innan tilleggsnæring er leigekjøyring og utleige.
Publisert 25.05.2016
Kor mykje skaper landbruket i Rogaland?
Rogaland er det suverent største fylket innan matproduksjon i Norge. Rundt 17 000 personar er sysselsette i matnæringa. Men kor store verdiar blir eigentleg skapte?
Publisert 24.05.2016
Urbant landbruk: "Vi deler på avlingane"
Andelslandbruk? Nabohage? Byhage? Pallekarm på tak? Initiativa er mangfaldige. Felles er at forbrukarane deltar aktiv i matproduksjonen og deler på avlingane: Medlemskap eller årsavgift versus kilopris per produkt.
Kontaktpersoner
Lenker
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637