Næringsutvikling
Stor interesse for massivtre
120 personar deltok på omvisninga i det nybygde massivtrefjøset hos Arnfinn Auestad 18. februar 2013. Sauefjøset er 400 kvadratmeter og har plass til 240 sauer. Både vegger og tak er bygd i 10 cm tjukk plank levert av det nystarta Rogaland Massivtre as.
Publisert 19.02.2013
Barn lærer om nyttig styrearbeid
Kan ein 14-åring leie eit styremøte? Eller ta medansvar for å arrangere ein overnattingstur for 50 andre ungdommar? JA - i 4H kan dei det!
Publisert 04.02.2013
Omvisning i nytt sauefjøs i massivtre
Vi inviterer til omvisning i eit nytt sauefjøs som er bygd i massivtre på Ålgård. Omvisninga skal vere måndag 18. februar kl. 19.30.
Publisert 31.01.2013
Nettverksbygging i Berlin
I tillegg til å delta på Internationale Grüne Woche var nettverksbygging viktig på studieturen til Berlin 25-28. januar. 37 matprodusentar og reiselivsfolk drog til Berlin for å oppleve Grüne Woche, delikatesseavdelinga på KaDeWe og økolandsbyen Brodowin.
Publisert 06.12.2012
Det er ei stor glede å vere bonde
Det er ei stor glede å vere bonde, det er eit godt liv med mykje kjekt arbeid sa Reidun Oline Skadsem på Ryfylkegarden Holta 26. november 2012 under ei samling for kvinnelege bønder og kvinner som bur på gard. 25 kvinner frå Strand, Forsand og Hjelmeland var samla.
Publisert 05.12.2012
Auka næringsinntekt på Haugalandet
Bøndene på Haugalandet har i 2011 hatt ein auke i skattbar næringsinntekt på omlag kr 13 000 etter renter og avskriving. Gjennomsnitt næringsinntekt i 2011 var på kr 224 996.
Publisert 23.10.2012
Jan Terje Vignes - vinnar av BU-prisen
Bygdeutviklingsprisen Rogaland 2012 blir i dag tildelt Jan Terje Vignes frå Finnøy. Han er ein framifrå innovatør og handterer på ein unik måte kombinasjonen av eigen kompetanse og styrke med det å ha mot til å våge og evne til å lukkast.
Publisert 06.06.2012
Kva er verdiskapinga i landbruket i Rogaland?
I oppdrag frå Rogaland Bondelag skal Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning (NILF) gjennomføre ei kartlegging av verdiskapinga i landbruket i Rogaland.
Publisert 17.04.2012
Stadig større og færre bruk med eggproduksjon i Rogaland
Det har vore ei ganske dramatisk endring i bruksstrukturen i eggproduksjonen dei siste åra. Talet på eggprodusentar går ned, og dei produsentane som er igjen blir større. Truleg har nye krav til burinnreiing verka inn på kor fort denne utviklinga har gått den siste tida.
Publisert 27.03.2012
Meir av BU-midlane i Rogaland til tradisjonelt landbruk
Ramma for investeringstilskot i Rogaland er auka med 2,3 mill frå 2011til 2012. Fylkesmannen ber om at minst 75 % av midlane skal prioriterast til det tradisjonelle landbruket. Distrikta, grovfôrbasert husdyrhald og miljømessig berekraft skal prioriterast.
Kontaktpersoner
Lenker
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637