Besøksstrategi for Jærstrendene
Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å utarbeide ein eigen besøksstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde.
Strategien skal nyttast som eit verktøy i ein strategisk og god forvaltning av verneområdet, slik at:
- opplevingane for dei besøkande og den lokale verdiskapinga skal bli størst mogleg
- samstundes som forståing for vernet vert auka og verneverdiane vert teken vare på i eit langt perspektiv. Ved interessemotsetnader mellom bruk og vern skal verneverdiane ha forrang.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har no starta opp arbeidet, og vi har hatt eit første møte i prosjektgruppa. I denne gruppa deltek Jæren friluftsråd, Rogaland fylkeskommune, og Randaberg, Sola, Klepp og Hå kommunar. Vi vil gå brett ut til dei mange aktuelle brukarane og organisasjonar når vi innbyr til informasjonsmøte om arbeidet. Utkast til strategi vil og bli sendt på avgrensa høyring til interessentar.
Jærstrendene landskapsvernområde, med tillegg av ei rekke fugle- og plantefredningsområde og geologiske naturminne, har eineståande nasjonale og internasjonale verneverdiar. Området har samstundes uvanleg mange eldre og nyare kulturminne.
Det er mange grunneigarar og aktiv landbruksdrift langs store delar av det 7 mil lange strekket frå Tungenes til Sirevåg. Det er fleire hundre tusen besøkande om året. Verdien for landbruk, friluftsliv og folkehelse er såleis særs høg. Nærleiken til by- og tettstader på Jæren tilseier også eit potensiale for reiselivsutvikling.
Les gjerne meir om Jærstrendene på nettsidene våre og i rapporten om brukarundersøking av friluftsliv på Jærstrendene.
Besøkssenter våtmark har og mykje spennande informasjon om Jærstrendene.