Artsdatabanken lanserer den nye raudlista mot slutten av 2015, men allereie no kan du gå inn å sjå på dei førebelse resultata.
06.03.2015
Det har vore etterspurt ei stund, men nå er ventetida over. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fått laga eit ferdig verktøy for innbyggjarundersøkingar til bruk kommunereforma.
25.02.2015
Elvemusling er no funne på to nye lokalitetar i Strand kommune, og utbreiingskarta for arten må derfor skrivast om.
Skatteinntektene auka mindre i fjor enn året før. Kommunane i Rogaland hadde også i fjor større vekst enn landet. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis godt over landet, men gjekk litt ned i 2014
19.02.2015
DSB har publisert rettleiaren "Klimahjelperen - hvordan ivareta klimpatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven". Den vil vere til nytte for dei som abeider med arealplansaker og beredskap.
10.02.2015
17. mars er alle kommunane i Rogaland inviterte til såkalla prosessamling i samband med kommunereforma. Involvering av både tilsette og innbyggjarar blir viktige tema.
06.02.2015
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avslått søknaden om konsesjon for Siragrunnen vindkraftverk i sjøen like utanfor Flekkefjord og Sokndal kommunar.
19.01.2015
Fylkesmannen i Rogaland rår frå oppheving av konsesjonslova og føresegna i odelslova som gjeld buplikt. Fylkesmannen meiner framlegget verken vil bidra til auka rekruttering til landbruket eller til auka matproduksjon.
13.01.2015
FN sin organisasjon for landbruk og mat (FAO) markerer i 2015 det internasjonale året for vern av matjord. Året skal rette merksemd på kor viktig ei bærekraftig forvaltning av matjorda er og sikre denne verdfulle naturressursen.
06.01.2015