Sola kommune har vedteke ein svært god sykkelstrategi
Den nye sykkelstrategien til Sola kommune er vellykka både i innhald og form - passe omfattande og grundig, meiner fylkesmannen. Den er eit godt framtidsretta arbeid til eksempel for andre kommunar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sykkelstrategien er delt i 3 hoveddelar: Del 1 Visjon og mål, del 2 Virkemiddel, og del 3 Handlingsplan.
Dokumentet er visuelt tiltalande, brukarvenleg og oversiktleg strukturert.
Strategien rettar seg mot syklistar som er ei mangfaldig målgruppe. Den seir noko om overordna målsetting, støttar seg på relevante undersøkingar, set søkelys på sykling frå fleire innfallsvinklar, som tryggleik, helsegevinst og andre viktige faktorar som spelar inn for at folk vil velge sykling som prioritert transportmiddel. Det kan være standard på sykkelvegane, konflikt syklist - fotgjenger, drift og vedlikehald m.m.
Den viser til nokre få utvalde gode tilnærmingsmåtar frå andre byar og viser samtidig konkrete tiltak i tiltakslista. Det er alt frå holdningsskapande tiltak, opplæring, kommunikasjon, kart, økonomisk godtgjersle, arealplanlegging, drift, vedlikehald og meir.
Sykkelstrategien peikar på forbetringsområde der det er utviklingspotensiale, f.eks. sykkelvenleg arealbruk.
Det er korte avstandar og gode muligheter på Sola. Her anbefaler fylkesmannen å involvere industri- og næringsbedrifter og Avinor i større grad i sykkelsatsinga. Kanskje også ein trafikksikkerhetskampanje med informasjon om tungtrafikk og auka bevisstgjering rundt blindsone.
Les Sykkelstrategien Sola 2019-2023 i vedlegget.