Høyring av verneplan for Finndalstveitjuvet
- Høringsfrist:
- 10. november 2023
Vi sender nå ut på høyring forslag til vernegrenser og forskrift for Finndalstveitjuvet i Fyresdal kommune. Høyringa er ledd i det nasjonale arbeidet med frivillig vern av skog.
Bakgrunnen for framlegget er eit tilbod frå grunneigarene i området om frivillig vern av skog. Det er gjort registreringar av naturverdiane i området i 2020 som dokumenterer verdiar som kvalifiserer for vern etter naturmangfoldloven.
Navn | Kommune | Areal | Verneverdi |
Finndalstveitjuvet |
Fyresdal |
1 561 daa |
Nasjonal (***) |
Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av det planlagde verneforslaget. Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar om gruveopningar, stølar/seterbuer, jaktbuer, stigar/sleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i verneområdet.
Høyringsfristen er 10. november 2023.
Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no.
Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, tlf. 33 37 10 00.
- Høringsfrist:
- 10. november 2023
Kontakt oss
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandlet etter samme prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angående en spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjelder saken personsensitive opplysninger, kan du òg sende sikker melding
Telefon til vårt sentralbord: 33 37 10 00