Skogbruksforvaltning
Aktuelt stoff og saksbehandlingshjelp til kommunal forvaltning innen skogbruk.
Resultatkartlegging 2020
Rapport om resultatkartlegginga i skogbruket 2020 er publisert på Landbruksdirektoratet nettside.
Publisert 01.09.2021
Fagsamling skog
Statsforvaltaren arrangerer i samarbeid med Tinn kommune v/Dagfinn Jaren ei fagsamling for kommunane 23. september.
Program, påmelding og oppmøtestad kjem vi tilbake til seinare. Hald av dagen!!
Publisert 30.08.2021
Påminning: Ekstraordinært plantetilskot og tilskot til tettare planting
Vi minner om at søknadsfristen er 1. september, og at kommunane må behandle søknadene i ØKS innan onsdag 8. september. Søknader som kjem inn digitalt frå skogeigar etter 1. september eller som på papir er daterte etter denne datoen, skal ikkje givast ekstraordinært tilskot til planting
Publisert 30.08.2021
ØKS
Ein ny versjon av ØKS er publisert no.
Publisert 19.08.2021
Søknadsfrist - ekstraordinært plantetilskot og tilskot til tettare planting
Søknadsfristen for skogeigar er 1. september 2021 for begge ordningane. Fristen for kommunane til å behandla søknadene er onsdag 8. september kl.23:59.
Publisert 02.07.2021
Skogfond - Mange vedtaksbrev via Altinn
Denne feilen har skyltes eit problem med tenesta som sender dokument til arkivering. Fleire kommunar i Vestfold og Telemark har vore utsett for dette problemet, så dei kan alle ha opplevd same feil.
Publisert 28.06.2021
Ekstraordinært plantetilskot våren 2021 - sentrale aktørar er godkjente
Sentrale aktørar etter den mellombelse forskrifta § 2 første ledd er godkjente. Det vart dei same 7 som i 2020:
Publisert 17.06.2021
Oppgåver skogfond
Vi ønsker at kommunane tar ein gjennomgang i ØKS før de går ut i ferie.
Publisert 31.05.2021
Ekstraordinært tilskot til skogplanting våren 2021
All skogplanting våren 2021 kan få eit ekstraordinært plantetilskot på kr 1,20/plante. Det ekstraordinære plantetilskotet omfattar:
• nyplanting
• suppleringsplanting
• juletreplanting
Publisert 12.05.2021
Skogplanting våren 2021 – høyring av ny ordning – vent med å handsame refusjonskrav for planting
Landbruks- og matdepartementet sendte 11. mai på høyring forslag til midlertidig forskrift om tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021. Statsforvaltaren ber dykk om å vente med å handsame refusjonskrav om planting til ny forskrift er fastsett.