Komplett rapport for alle bygningane i Svartdal er lansert

Restaurera skigard på Nørsteteig i Svartdal
Restaurera skigard på Nørsteteig i Svartdal Foto: Torunn Raftevold Rue.

I grannebygdene Hjartdal og Svardal UKL i Øvre Telemark finnast eit stort mangfald tradisjonsrike bygg. No ligg føre den fyrste av fleire kartleggingsrapportar som dokumentarar den unike kulturarven. Bygda Svartdal er fyrst ute.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.03.2023

Kombinasjonen av høgt biologisk mangfald og store kulturminneverdiar er grunnlaget for at området allereie i 1994 fekk den unike statusen som eit større heilskapleg kulturlandskap av nasjonal verdi. I 2003 var dei Noreg sine kandidatar til Unescos internasjonale kulturlandskapspris, og i 2017 fekk dei så status som nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket  - UKL.

Den unike bygningsarven utgjer ein viktig del av kulturminneverdiane og i 2021 starta styret i UKL opp eit større arbeid med kartlegging og dokumentasjon. Målet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag til nytte for vidare søknadar og forvaltning. Størst fokus har bygningar som er eldre enn 100 år, tilknytt både tun og utmark. 

Arbeidet er tid- og ressurskrevjande og gjerast med stor fagleg nøysemd. Til oppgåva er engasjera inn Jørn Berget i frå Bø i Telemark som har stor kunnskap om middelalderbygg og som blant anna har hatt faste oppdrag for Riksantikvaren.

Arbeidet held no fram for område Hjartdal Nordbygd, kor mangfaldet av gardar og bygg er enno større enn i Svartdal.

Kontaktperson: Maria Dyrland Fremmerlid i Seljord kommune

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.