Søknad om løyve til tiltak i sjø i Bildøystraumen og Straumssundet i Øygarden kommune
- Høringsfrist:
- 30. juni 2023 23:59
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø i Bildøystraumen og Straumssundet i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune.
Høyringa består av to søknader, tiltak i sjø i Bildøystraumen og tiltak i sjø i Straumssundet, begge i Øygarden kommune.
A3 Bildøystraumen
I samband med at det skal byggjast ny bruforbindelse over Bildøystraumen er det behov for tiltak i sjø. Det skal byggjast to bruer, ein per køyreretning. Begge bruene skal ha tofeltsveg. På vestsida er det planlagt ein mellombels fylling for å sikre nødvendig areal for å gjennomføre arbeida i anleggsperioden. Denne fyllinga skal fjernast etter bruk. På austsida skal det fyllast for ny veg og gang- og sykkelveg under brua.
Det skal fyllast ut inntil 28 000 m³ sprengstein på vestsida, og inntil 12 000 m³ på austsida, totalt 35 000 m³. Dette representerer eit areal på ca. 4 000 m² på vestsida og inntil 4 500 m² på austsida. For å oppnå god kvalitet på fyllingane, skal blaute sedimenter i området fortrengast.
A3 Straumssundet
I samband med bygging av ny bruforbindelse over Straumssundet i Øygarden kommune er det behov for tiltak i sjø. Det skal byggjast to nye bruer, hhv. ny bru for Rv. 555 og ny gang- og sykkelbru. Tiltaka omfattar utfylling i sjø og boring av pelar for brufundament.
Det skal fyllast ut inntil 12 000 m³, som vil dekke eit areal på ca. 4 500 m². For å oppnå god kvalitet på fyllingane, skal blaute sedimenter i området fortrengast. Det er ikke påvist forurensning i bunnsedimentene i det planlagte utfyllingsområdet.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2021/4176. Frist for å gje fråsegn er 30. juni 2023.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 30. juni 2023 23:59