Søknad om løyve til utslepp av tunneldrivevatn knytt til E39 Bogstunnelen

Høringsfrist:
10. november 2023 23:00
Kart i grønne og blå farger
Kart over Bogstunnelen. Tunnelen er merka med raud stipla linje.

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunneldrivevatn i samband med oppgradering av E39 Bogstunnelen i Høyanger kommune. 

Publisert 11.10.2023

Om saka

Statens vegvesen skal oppgradere E39 Bogstunnelen i Høyanger kommune i samsvar med tunnelsikkerheitsforskrifta. Det skal gjerast ein delvis oppgradering av VA-anlegget i tunnelen, slik at det kan handtere slam/partiklar, samt utslipp av giftige og brannfarlege væsker ved trafikkuhell, på ein betre måte. Vidare skal det etablerast tre nye tekniske bygg i tunnelen. For desse er det naudsynt å sprengje ut fjellrom anslege til 11 225 m3.

Reinseanlegg som avbøtande tiltak

Utslepp av tunneldrivevatn ved tunnelportalen nord/aust ved Bugn til Vadheimfjorden og potensiell påverknad av oppdrettsanlegg Floteneset 21335 er vurdert å utgjere størst risiko for fare for forureining og negativ påverknad. Som avbøtande tiltak skal tunnelvatnet reinsast i konteinerbasert reinseanlegg med utslipp av suspendert stoff og olje på maksimalt 200 mg SS/liter og 5 mg olje/liter. Det er også vurdert å pumpe alt tunneldrivevatnet til portalen i vest (Teigen) med utslepp til Sognefjorden, for å redusere risiko knytt til utslipp nær oppdrettsanlegget på Flotneset.

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast (reinsekrav) og
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2023/15025. Frist for å gje fråsegn er 10. november 2023.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.