BIR AS søkjer om løyve til etablering av biogassanlegg på Voss
- Høringsfrist:
- 23. januar 2024 23:59
BIR AS søkjer om løyve etter forureiningslova til etablering av biogassanlegg for behandling av matavfall med husdyrgjødsel som prosesstøtte på Bjørkemoen i Voss herad. Høyringsfristen er 23. januar 2024.
Biogassanlegget skal handtere matavfall og husdyrgjødsel
Søknaden gjeld behandling av inntil 18 000 tonn matavfall og 36 000 tonn husdyrgjødsel.
Bruk av bioresten
I søknaden skisserer BIR AS at bioresten skal brukast lokalt i landbruket som gjødsel, og at det også skal utviklast produkt av bioresten som kan brukast andre stader.
Luktvurderingar
Det er gjennomført ei luktspreiingsanalyse. Den finn ein i søknaden som ligg vedlagt. I tillegg har BIR AS laga eit notat som forklaring til valg av teknologi for korleis ein skal reinse lukt som vil oppstå ulike stader i biogassanlegget. Dette notatet ligg vedlagt.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/10333. Frist for å gje fråsegn er 23. januar 2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 23. januar 2024 23:59