Webinar om mat og måltid
- Dato:
- 29. april 2021 10:00 - 14:00
- Sted:
- Digitalt - Zoom
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, USHT Vestland (Hordaland), USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Helse Fonna, KS Vestland, Senter for omsorgsforskning
- Målgruppe:
- leiarar og andre tilsette ute i kommunane i Vestland som jobbar helse- og omsorgsinstitusjonar eller som jobbar med Leve heile livet-reforma, politikarar, eldreråd, studentar, eldre over 65 år
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland inviterer til webinar og podkastlansering torsdag 29. april 2021.
Webinaret vil ta opp tema som ernæring, matkvalitet, matens betydning – både dei som bur heime og dei som bur på institusjon, førebyggande heimebesøk og teknologiske moglegheiter.
Vi får høyre meir om matsatsinga frå Landbruks- og matdepartementet og matgledekorps i Vestland, og vise praksis ute i kommunane. Vi skal også møte eldre som har funne spiseglede saman.
Fire podkastar om mat og måltid
Fire podkastar om mat og måltid blir lansert under fagdagen. Tema for podkastane er mat og måltid som miljøskapande tiltak, spisevenn, førebyggande heimebesøk og frivilligheit.
Mat og måltid er eitt av innsatsområda i Leve heile livet-reform og ei satsinga frå Landbruks- og matdepartementet si strategi Matnasjonen Norge. Webinaret er aktuelt for dei som jobbar med reforma ute i kommunane, i tillegg til studentar, politikarar, eldreråd og eldre over 65 år.
Program og påmelding
Kari Birkeland skal ta oss gjennom fagdagen. Sjå heile programmet, som du finn under «Dokument».
Fagdagen går føre seg digitalt på Zoom, og du må melde deg på for å få tilsendt oppkoplingslenke.
Du kan melde deg på webinaret her (opne påmeldingslenka i Chrome eller Edge).
- Dato:
- 29. april 2021 10:00 - 14:00
- Sted:
- Digitalt - Zoom
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland, USHT Vestland (Hordaland), USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Helse Fonna, KS Vestland, Senter for omsorgsforskning
- Målgruppe:
- leiarar og andre tilsette ute i kommunane i Vestland som jobbar helse- og omsorgsinstitusjonar eller som jobbar med Leve heile livet-reforma, politikarar, eldreråd, studentar, eldre over 65 år
Kontaktpersoner
-
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92