Det er behov for auka innsats for å fjerne gamal piggtråd. Kommunen kan vurdere om SMIL-midlar i nokre tilfelle kan brukast til dette.
10.05.2021
Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi framlegg om vern av Lykkja naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. juli 2021.
07.05.2021
Vi tilrår frivillig skogvern av Kudalen i Stad kommune. Skogen har lite spor etter inngrep, og har gamal furuskog med mange artar av lav jamt fordelt i området. Med status som naturreservat vert desse verdiane godt varetekne.
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer i samarbeid med Innovasjon Norge og Bondens marknad ei kort innføring i kva ein marknadshage er, samt støtteordningar innan småskala grønsaksproduksjon, frukt og bær gjennom Innovasjon Norge.
05.05.2021
Til beste for vassdraga våre er det føreslege mange tiltak i landbruket i Vestland dei neste seks åra. Alle interesserte kan gi innspel innan fristen 30. juni 2021. Høyringsmøte for landbruk blir 11. mai.
Bøndene på gardane Styvi og Stigen, i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden, er nominert til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021.
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer webinar om tilskotsordninga "Spesielle miljøtiltak i landbruket" (SMIL) 12. mai. Vi har òg fått med oss Oda Gundersen frå Landbruksdirektoratet som innleiar.
03.05.2021
Vi tilrår frivillig skogvern av Buggastrondi i Luster kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar. Med status som naturreservat vert desse verdiane godt varetekne.
27.04.2021
Vil du finne ut meir om moglegheitene for solcelleanlegg på garden din? Statsforvaltaren i Vestland, Innovasjon Norge, Vestland Bondelag og Norges Vel inviterer til fagleg påfyll.
21.04.2021
Om du ikkje fekk med deg fagdagen om mat og måltid og podkastlanseringa 29. april, kan du sjå opptak av heile webinaret her.
21.04.2021, Endret 06.05.2021