FylkesROS Hordaland
FylkesROS Hordaland er ein risiko- og sårbarheitsanalyse som tek føre seg vesentlege risikotilhøve det må planleggast for.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 02.01.2019
Målsettinga for analysane i FylkesROS Hordaland er at dei skal
- gje eit heilskapleg oversyn over risikobiletet i Hordaland, både med omsyn til naturgjevne og menneskeskapte hendingar
- auke den generelle kunnskapen om risikotilhøve i fylket
- auke merksemda omkring samfunnstryggleik
- vere eit basisdokument for vidare ROS-analysar på regionalt og lokalt nivå
Fylkesmannen i Hordaland publiserer no FylkesROS som enkeltståande analyser på nett, noko som gjer at vi lettare kan supplere, utvide eller revidere analysane ved behov.
Her er gjeldande risiko- og sårbarheitsanalysar - FylkesROS Hordaland:
- Om Hordaland fylke (2015)
- Om risiko i samfunnet og metodeval (2015)
- Naturhendingar (2015)
- Svikt i kritisk infrastruktur (2015)
- Epidemiar og helseberedskap (2015)
- Store ulykker og masseskadar (2015)
- Atomulykker og radioaktiv stråling (2015)
- Akutt forureining (2015)
- Viljestyrte hendingar (2015)
- Dyresjukdomar og landbruk (2009)
- Oppdrett av laks og regnbogeaure (2018)