Eksamen og vurdering

På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Sist endra 15.01.2021

Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Kompetanse Norge.

Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.02.2014

Felles eksamen og felles sensur for elevar og vaksne i grunnskulen

Eksamen

Frå 2014 vil eksamen for vaksne etter læreplanen for 10. trinn vere felles med grunnskulen for dei sentralt gitte eksamensfaga matematikk, norsk og engelsk. Informasjon om eksamen i grunnskulen er derfor felles, og nettsida om grunnskulen er oppdatert til å gjelde både elevar, vaksne deltakarar og privatistar.


Publisert 05.02.2014

Endra gjennomføring av nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Frå  hausten 2014 vert gjennomføringa av nasjonale prøver endra. Skulane skal gjennomføre prøvene trinnvis, og ikkje organisert etter type (lesing, rekning, engelsk). Sjå vedlagt plan for gjennomføring (høgre marg).


Publisert 05.02.2014

Nytt rundskriv om lokalt gitt munnleg eksamen

 Utdanningsdirektoratet - logo

Reglane knytt til lokalt gitt munnleg eksamen vart revidert i haust. No har Utdanningsdirektoratet gitt avklaringar til desse nye føresegnene i eit eige rundskriv. Lenkje til rundskrivet finn du i høgre marg.


Publisert 05.02.2014

Eksamensdatoar vår 2014 - Grunnskule og Vidaregåande opplæring

Kalender

Her finn du eksamensplanen for sentralt gitt eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring.


Publisert 06.01.2014

Skriftleg eksamen i grunnskulen 2014

Eksamen i grunnskolen

Datoar for møter og kurs som gjeld vårens sentralt gitte eksamenar i grunnskulen.


Publisert 12.09.2013

Erfaringar og vurdering av eksamen i grunnskulen 2013

Eksamen i grunnskolen

Oppmannsrapportane i faga norsk, engelsk og matematikk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2013 er no publiserte. Rapportane gjeld for prøveregion Møre og Romsdal/ Sogn og Fjordane.


Publisert 22.07.2013

Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal

Karakterer 1-6

Fylkesmannen har ansvar for sensur og klagebehandling ved eksamen i grunnskulen. Førebels karakterstatistikk for eksamen 2013 er no klar.


Klage på standpunktkarakter

Aktuelt skoleåret 2022/2023

13. februar 2023:
Eksamensmøte for skoleeigarar og skoleleiarar
Påmelding og program til digitalt møte kjem.


31.05.2023:
Sensorskolering grunnskolen, Molde

18.06.2023:
Fellessensur grunnskolen, Molde