Løyve til mudring i to verneområde i Trøndelag

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Statsforvalteren i Trøndelag løyve til mudring i verneområda Lyngås-Lysgård og Eidsvatnet. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er oppnemnd som settestatsforvaltar av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i dei aktuelle sakene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.05.2021

Tiltaka i Lyngås-Lysgård fuglefreidingsområde i Verdal kommune omfattar mudring/opptak av om lag 50 m3 massar frå sjøbotnen i Leksdalsvatnet. Tiltaka i Eidsvatnet fuglefreidingsområde i Ørland kommune omfattar mudring/opptak av om lag 20 m3 massar frå sjøbotnen i Eidsvatnet. Båe tiltaka gjerast i tilknyting til fjerning av vassplantar med røter. Hensikta er å etablere kanalar med opent vasspegel for å betre tilhøva for fuglelivet i området. Tiltaka er planlagt utført seint på sumaren 2021.

Vedtaka med løyve kan lastast ned via lenkjene til høgre på denne sida.

Klage på eller kommentarar til vedtaka sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.