Øylaks AS har fått nytt mellombels løyve

Øylaks AS har fått nytt mellombels løyve etter forureiningslova til oppdrett av laks, aure og sjøaure på lokalitet Ny-Hellaren i Molde kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.03.2020

Løyvet gjeld ikkje før det er gjeve løyve etter akvakulturlova.

Øylaks søkte om ny lokalitet for 780 tonn MTB på Ny-Hellaren, som ligg om lag 800 meter aust frå dagens lokalitet Hellaren. Løyvet for lokalitet Hellaren blir med dette trekt, då Ny-Hellaren skal erstatte denne.

Endra løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida. Ytterlegare innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal (eller Øylaks AS). Vedtaket om løyve kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument