Aktuelle saker

Denne sida vil oppdaterast med vedtak gjort av Statsforvaltaren, vedtak og uttalar frå andre instansar, og informasjon om nytt regelverk. Innsyn i alle våre saker får du via postjournalen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.03.2020

Fylkesmannen stadfestar vedtak om detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde

Fylkesmannen har den 21.02.20 stadfesta Ørsta kommune sitt vedtak om detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde. Klagen vart ikkje tatt til følgje.


Publisert 14.02.2020

Statistikk 2019

Fylkesmannen har utarbeidd statistikk over klagesakene som blei handsama i 2019.


Publisert 03.02.2020

Fylkesmannen stadfestar områdereguleringsplan for Ørsta sentrum

Fylkesmannen har den 28.11.19 stadfesta Ørsta kommune sitt vedtak om områdereguleringsplan for Ørsta sentrum med tilhøyrande føresegner. Ingen av klagene vart teke til følgje.


Publisert 29.10.2019

Tryggleikskrav i byggesaker

Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppheva Sande kommunes byggevedtak grunna manglande tryggleiksavklaringar.


Publisert 29.10.2019

Avslag på søknad om bustad i strandsona

Fylkesmannen i Møre og Romsdal endra kommunens vedtak, og avslo ein dispensasjonssøknad om oppføring av bustad ved Brunsvikbukta i Kristiansund.


Publisert 29.10.2019

Fylkesmannen stadfestar Gjemnes kommune sitt vedtak om reguleringsplan

Gjemnes kommune godkjende i april 2019 reguleringsplan for ny sjukeheim og eventuelt andre offentlige formål i Gjemnes. Vedtaket vart påklaga av Miljøvernorganisasjonen Grønn Fremtid.


Publisert 29.10.2019

Fylkesmannen opphevar reguleringsplan for Motorsportbane i Vatnedalen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal opphevar Haram Kommune sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljregulering for Massetak/Parkering/Motorsportbane i Vatnedalen med tilhøyrande reguleringsføresegner og planomtale.


Publisert 10.09.2019

Byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen - verknad for eldre reguleringsplanar utan byggegrense

Kommunal- og moderniseringsdepartementet endrar si tolking av plan- og bygningslova.