Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.03.2018

Reaksjonar mot 17 helsepersonell i Rogaland

I 2017 fekk 17 helsepersonell i Rogaland ein reaksjon frå Statens helsetilsyn. Åtte av desse mista autorisasjonen, sju fekk åtvaring og to fekk innskrenka autorisasjon.


Publisert 29.01.2018

Fleire årsverk i psykisk helse- og rusarbeid i kommunane

Dette går frem av rapporten «Kommunalt psykisk helse- og rusarbeid 2017: Årsverk, kompetanse og innhold i tjenestene», som SINTEF har utarbeidd på oppdrag frå Helsedirektoratet.


Publisert 17.01.2018

Meldeplikt for kommunen når ei gravid rusavhengig kvinne blir tvangsplassert i helseinstitusjon

Kommunen pliktar frå 1. januar 2018 å melda frå til barnevernstenesta når ei gravid rusmiddelavhengig kvinne blir tvangsplassert på helseinstitusjon. Meldinga gir barnevernstenesta anledning til å opna undersøking utan den gravide kvinna sitt samtykke.


Publisert 15.12.2017

Ny lovendring styrker barn sine rettar som pasientar

Frå 01.01.2018 blir barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken


Publisert 27.04.2017

Kompetanseløft 2020 – ny rapport om oppgåver og tiltak for budsjettåret 2017

Kompetanseløft 2020 er regjeringa si satsing for å styrkje rekruttering, fag- og kompetanseutvikling i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Ein ny rapport gir oversikt over meir enn 50  tiltak i 2017.


Publisert 28.03.2017

Nytt e-læringskurs om tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

God sakshandsaming er viktig for at dei som treng kommunale helse- og omsorgstenester skal få riktige tenester.


Publisert 07.02.2017

Lønstilskot til avansert klinisk sjukepleie

Prop. 1S (2016-2017). Kap. 762 post 63

Helsedirektoratet har tidlegare gjort kjent at kommunar kan søkje Helsedirektoratet om statleg lønstilskot for sjukepleiarar som er tilsette i helse- og omsorgstenesta og som skal vidareutdanne seg i avansert klinisk sjukepleie.


Publisert 06.02.2017

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

Prop. 1S (2016-2017). Kap. 761 post 21, 765 post 21 og 770 post 70.

Helsedirektoratet har i samarbeid med KS gitt Handelshøyskolen BI i oppdrag å tilby utdanning i leiarkunnskap og innovasjon for helse- og omsorgstenesta i kommunane og tannhelsetenesta i fylkeskommunane. Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla mastergradstudium.Frå hausten 2017 blir det tilbod om opptak til tre klassar med til saman 160 studentar. Ein klasse vil vere lokalisert vekselvis i Lakselv og Tromsø, to av klassane er plasserte i Oslo.


Publisert 14.11.2016

Tilskot til mastergrad i avansert klinisk sjukepleie for sjukepleiarar

Kommunar og private leverandørar av helse- og omsorgstenester i kommunane kan søkje lønstilskot for å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie på mastergradsnivå. Frist for å søkje er 31. mars 2017.


Publisert 29.03.2016

Ny rettleiar for sakshandsaming av tenester etter helse – omsorgstjenestelova

Helsedirektoratet har no revidert rettleiar for sakshandsaming  av helse- og omsorgstenester. Rettleiaren gjer ein praktisk innføring i reglane som gjelder kommunal sakshandsaming og tildeling av tenestene.