Kommuneøkonomi

Oppdatert 02.01.2023

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.12.2012

Orientering om skjønstildelinga for 2013

Skjønstildelinga skal kompensera for ufrivillige utgifter som kriteria i inntektssystemet for kommunane ikkje fangar opp. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2013. Av ei ramme for fylket på 73,8 mill kr er kr 61 076 000 fordelt i samband med statsbudsjettet, medan kr 12 724 000 vil bli fordelt seinare.


Publisert 20.12.2012

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2013

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 8.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 4,5 % mot 4,1 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2012.


Publisert 20.12.2012

Kommuneøkonomidagen 29. mai

Kommuneproposisjonen for 2013, ”Fredericia-modellen” og effektiv meldingsutveksling i helsesektoren var tema på Kommuneøkonomidagen tysdag 29. mai.


Publisert 18.10.2011

Orientering om skjønstildelinga for 2012

Skjønstildelinga skal kompensera for ufrivillige utgifter som kriteria i inntektssystemet for kommunane ikkje fangar opp. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2012. Av ei ramme for fylket på 71,4 mill kr er kr 58 176 000 fordelt i samband med statsbudsjettet, medan kr 13 224 000 vil bli fordelt seinare.


Publisert 06.10.2011

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2012

Forslag til statsbudsjett for 2012 blei lagt fram torsdag 6. oktober. Regjeringa legg opp til at det høge aktivitetsnivået i kommunesektoren kan vidareførast. - Iverksetjing av samhandlingsreforma blir likevel krevjande for kommunane, seier fylkesmann Harald Thune.


Publisert 22.09.2011

Analyseverktøy KOSTRA-tal for 2010

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med endelege KOSTRA-tal for 2010.


Publisert 09.09.2011

Gjeldsbøra i kommunane aukar

Rekneskapa for kommunane i fylket for 2010 er samla sett prega av noko svakare handlefridom i drifta og at gjeldsgraden aukar meir enn landet. Dette kan svekka grunnlaget for kommunale tenester i tida framover.


Publisert 19.02.2010

KOSTRA og kommunal styring

Lysarka frå KOSTRA-seminaret 8. april kan nå lastast ned. Hovudtema i år var kva forsking seier om korleis kommunane brukar resultatmåling i styringssystem og kva nytte ein meir spesifikt kan ha av data om kommunal eigedomsforvaltning og IPLOS (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk).


Publisert 03.07.2009

Ny finansforvaltningsforskrift

KRD har 9. juni fastsett ny forskrift for finansforvaltning i kommunar og fylkeskommunar. Den trer i kraft 1. juli 2010.


Publisert 20.10.2006

Handbok for budsjettarbeid

Treng du ei handbok og ein modell for korleis saksframlegg i samband med årsbudsjett og økonomiplan kan utformast? I samarbeid med NKK og fleire kommunar har Fylkesmannen i Troms laga eit slikt verkty.