Jordbruk og hagebruk

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.06.2017

Næringa må ta ansvar for tomatmøllen

Mattilsynet har vurdert forskjellige strategiar for korleis me i Noreg kan handsama utbrot av tomatmøll (Tuta absoluta). Konklusjonen er at næringa sjølv må ta ansvar for å bekjempa skadegjeraren.


Publisert 19.05.2017

Pærebrann i Hjelmeland kommune

Funn av plantesjukdommen pærebrann i Hjelmeland sommaren 2016, har ført til restriksjonar på flytting av bikuber i kommunen.


Publisert 18.05.2017

Statens vegvesen ber gardbrukarar fjerne rundballar langs offentleg veg

Gardbrukarar er av Statens Vegvesen bedne om å flytte rundballar og andre gjenstandar som ligg langs offentleg veg innan 1. juni 2017, slik at dei er plassert utanfor sikkerheitssona.


Publisert 20.04.2017

Sperreskål på nytt fruktpakkeri i Ryfylke

7. april blei det tatt sperreskål på nytt fruktpakkeri i Årdal i Ryfylke. Bak lageret står Ryfylke Frukt SA, stifta i august 2016 av 20 aktive fruktprodusentar som ville bygge og drive eit fruktpakkeri.


Publisert 20.04.2017

Ka då med spreiearealet?

Landbruket treng føreseielege rammevilkår, og no håper vi ny gjødselvareforskrift snart blir landa. Landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg har i lang tid etterlyst ei avklaring av regelverket som set krav til bruk og lagring av husdyrgjødsel, forskrift om gjødselvarer av organisk opphav m.v.


Publisert 28.03.2017

Erstatning for klimabetinga avlingssvikt

Jordbruksføretak kan søkje om erstatning ved store avlingstap som føretaket ikkje kan sikre seg mot. Det kan søkjast om erstatning innanfor følgjande vekstgrupper: Grovfôr, korn, poteter, grønsaker, frukt og bær. I tillegg kan det søkjast om erstatning for svikt i honningproduksjon.


Publisert 23.01.2017

Dale kjem til stormøte på Varhaug 30. januar

Tradisjonen tro blir det stormøte i Varhaug idrettshall med landbruks- og matministeren til stades. Dale vil snakke om den nye jordbruksmeldinga, Meld.St. nr 11(2016-2017)- Endring og utvikling.


Publisert 09.12.2016

Mykje godt for Rogaland i ny stortingsmelding om jordbruksproduksjon

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale la i dag fram ny jordbruksmelding. Her er det mykje som treff Rogaland på gode måtar.  


Publisert 14.11.2016

Fylkesmannen gratulerer Ingve B. Berntsen frå Hå som Årets unge bonde 2016

Berntsen fekk overrekt prisen av Landbruks- og matminister Jon Georg Dale under Ung bonde- samlinga i Oslo 12. november. - Ein spannande ung bonde som satsar litt utanfor den tradisjonelle boksen. Berntsen er ein del av eit godt og livskraftig jordbruk i Hå. Landbruksdirektøren i Rogaland gratulerer Berntsen med velfortent pris. 


Publisert 26.10.2016

Agrovisjon brakar laus på fredag

Utstillinga i år er Agrovisjon si største med heile 20 000m2 utstillingsareal. Under Agrovisjon vil det vere livdyrauksjon, ponnyridning og faglege arrangement. Til konferansen kjem mellom anna leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og administrerande direktør i Landbruksdirektoratet Jørn Rolfsen.