Jordvern

Oppdatert 02.01.2023

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 06.01.2015

2015 - FN-året for vern av matjord

FN sin organisasjon for landbruk og mat (FAO) markerer i 2015 det internasjonale året for vern av matjord. Året skal rette merksemd på kor viktig ei bærekraftig forvaltning av matjorda er og sikre denne verdfulle naturressursen.


Publisert 02.12.2014

Semje om utviding av Q-Meieriene

Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegner til utvidinga av Q-meieria sitt anlegg i Klepp kommune. I meklinga 01.12.2014 blei partane samde om ei løysing.


Publisert 19.08.2014

Arealbarometer for Rogaland

Norsk institutt for skog og landskap har utvikla eit eige arealbarometer for Rogaland fylke.


Publisert 07.08.2014

Utviding av Q-meieriet i Klepp utfordrar langsiktig grense landbruk

Q-meieriene sitt anlegg i Klepp treng meir areal til auka produksjon. Forslag til reguleringsplan ved Øksnevadkrossen utfordrar langsiktig grense landbruk og vil omdisponera areal i kjerneområde landbruk. Fylkesmannen har motsegn til planen, men inviterer Klepp kommune til dialog med sikte på løysing av saka.


Publisert 06.05.2014

Uttale til Klepp kommuneplan 2014 - 2025

Fylkesmannen gir Klepp ros for at kommunen i hovudsak følgjer opp Regionalplan Jæren og statlege føringar for samordna areal- og transportplanlegging ved å prioritere hovuddelen av by- og tettstadutvikling langs kollektivaksar. Fylkesmannen meiner likevel planlagd årleg folketalsvekst på 2,5 % ikkje er i tråd med dei regionale måla om å prioritere hovudmengda av bustadbygging i bybandet Stavanger-Sandnes og utbygging i Sandnes aust.


Publisert 01.04.2014

Rogaland omdisponerer mest matjord

Rogaland omdisponerte 737 dekar dyrka jord i 2013. Omfanget er lågare enn ein del andre år, men framleis høgast av alle fylke.


Publisert 17.03.2014

Viktige grenser blir trekt opp i Hå

Hå kommune har i forslag til ny kommuneplan trekt opp langsiktig grense for landbruk rundt stasjonsbyane Nærbø, Varhaug og Vigrestad.


Publisert 03.07.2013

Ny kollektivbru på Forus endeleg opna

Fylkesmannen ser svært positivt på at ny kollektivbru over E39 på Forus no er opna. Brua er mellom anna eit resultat av Fylkesmannen si motsegn til reguleringsplan for Forus Næringspark i 2003.


Publisert 03.04.2013

Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy

Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.


Publisert 20.03.2013

Kompakt, kollektivbasert og urban byutvikling må ha prioritet i ”Bybandet sør byen”

Fylkesmannen støttar hovudgrepa i den interkommunale kommunedelplanen for Bybandet sør, men etterlyser heilskap som sikrar ei kompakt, urban og kollektivprioritert bymessig utbygging.