Nye næringar på garden
Invitasjon til Urfe-samling
Vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe er lette rasar som egnar seg spesielt godt til beiting i kystnære strøk, og er derfor ein viktig ressurs for å sikre eit ope kulturlandskap. Har du interesse for urfe og beiting, så bli med på seminar på Bryne vidaregåande skule laurdag 26. mai.
Publisert 17.04.2018
24 godkjende Inn på tunet-gardar i Rogaland
Talet på godkjende Inn på tunet-gardar i Noreg har no passert 400. Dette er ein viktig merkedag i arbeidet. Stadig fleire ønsker å komme inn under ordninga. I Rogaland finn du 24 stykk.
Publisert 13.04.2018
Turoperatørar opplever gardsturisme
I samband med Norwegian Travel Workshop (NTW), Noregs største messe for reiseliv, har HANEN Rogaland invitert til ein tre dagars guided busstur med mange stopp. Deltakarane kan sjå, smake og høyre om den lokale matproduksjonen, og vere med på aktivitetar.
Publisert 22.03.2018
Det finst ikkje avfall, berre restverdi
Eirik Selmer-Olsen, konserndirektør FoU i TINE, peikar på at landbruket nå gjer tydelege prioriteringar når det gjeld ressursutnytting. TINE har sterkt fokus på berekraft, med ambisjon om 100 % ressursutnytting.
Publisert 15.03.2018
Heiderspris til ein god kar frå Ryfylke
Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2018 blei i dag delt ut til Lars Bog frå bygda Jøsneset i Hjelmeland kommune.
Publisert 12.03.2018
Mange ville lære om trefjøs
Meir enn 50 bønder og andre interesserte var med på seminar om trefjøs i Sandnes 1. mars. Her fekk ulike produsentar vise fram sine løysingar for landbruksbygg i tre.
Publisert 12.03.2018
Mjølka si framtid på Finnøy
Landbruksavdelinga har fått ein «Mr. Mjølk». I løpet av 16 veker skal student Ruben Eggebø kartlegge utviklinga av mjølkeproduksjonen på Finnøy. Han er sjølv finnøybu og studerer no statsvitskap på UIS.
Publisert 12.03.2018
Bli med til Hjelmeland og høyr om opplevingsturisme
Går det an å tene pengar på naturen? Johannes C Apon frå Outdoorlife Norway kjem til Hjelmeland 20.mars kl 19 for å fortelje si historie om korleis han har fått det til.
Publisert 07.03.2018
Lokkar turistar til Lysefjorden
I Ryfylke har ei lita bedrift spesialisert seg på småskala, personleg og unik fjellturisme av høg kvalitet.
Publisert 28.02.2018
Marknaden etterspør frukt og bær i tunnel
Frukt- og bærprodusentar og andre i Rogaland bør vurdere å dyrke frukt og bær i tunnel. Marknaden etterspør både morellar, jordbær, bringebær og andre bærsortar. Ønskjer du å få vite meir kan du bli med på eit inspirasjonsmøte på Fruktpakkeriet i Årdal 7. mars kl 1900.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Regionale kontaktar
Astrid Brommeland
(Suldal)
astrid.brommeland@suldal.kommune.no
Tlf. 52 79 06 19
Mob. 957 48 637