Skogbruk
Store areal går ut av skogproduksjon i Rogaland
Planteaktiviteten held ikkje tritt med hogstaktiviteten i Rogaland, og stadig meir areal går over frå skogproduksjon til andre arealformål. Ei samanstilling for perioden 2011-2017 viser at utviklinga er meir omfattande enn vi tidlegare har trudd.
Publisert 30.01.2018
Seminar om trefjøs
Vurderer du ombygging eller nytt landbruksbygg? Eller ønsker du å lære meir om korleis tre kan brukast på nye og kostnadseffektive måtar? Bli med på seminar om trefjøs 1. mars!
Publisert 25.01.2018
Skogsamling 27. februar 2018
Velkommen til den årlege samlinga for skognæringa og forvaltinga i Rogaland. Tema i år er korleis kommunane kan få hjelp til å drive informasjonsarbeid på skogområdet. I tillegg får vi høre om voksing av planter som eit tiltak mot snutebilleskadar, og om gode vegløysingar før hogst.
Publisert 15.01.2018
Skogserien: Slik auker du verdien på skogen din
Ungskogpleie er stikkordet! I den tredje artikkelen i Skogserien fortel kursinstruktør Tårn Sigve Schmidt om korleis du i den unge skogen legg grunnlaget for den framtidige verdien på tømmeret ditt.
Publisert 12.01.2018
Nye retningsliner for tilskot til skogsvegar og taubane
Retningslinene for tilskot til skogsvegar og taubane er nyleg revidert og gjeld frå 1. februar 2018.
Publisert 19.12.2017
Skogserien: Skogplanting - ei investering for framtida
Har du ein skog som skal hoggast? Da bør du også planlegge planting. I den andre artikkelen i Skogserien får du vite det viktigaste du treng å vite om skogplanting.
Publisert 13.12.2017
Skogserien: Gjer det lønnsamt å hogge skog
Når gode råd er dyre, spør ein skogbrukssjef! I ein serie artiklar frå Bondevennen skriv personar som jobber med skog i Rogaland om lønnsemd og gode tiltak i skogen. Første artikkel handlar om kva som er rett tidspunkt for hogst, og kor du bør søke råd.
Publisert 21.11.2017
Klimasmarte bygg - ein del av tredriversatsinga i Noreg
Tidlegare i haust vert det tatt initiativ til ei ny tredrivarsatsing i fylket. Dette jobbar Rogaland Treforum no med å få i gang. Prosjektet har som mål å få auka kunnskap om trebruk, og bidra til fleire klimavennlege bygg i regionen.
Publisert 26.09.2017
Manglande investeringar i ny kvalitetsskog etter hogst i kystfylka
Fylkesmannsgruppa i kystskogbruket (FM-gruppa) har sendt eit felles brev til Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utfordringane rundt manglande forynging etter hogst i kystfylka.
Publisert 13.09.2017
Skogkvinner på rogalandsbesøk
Første helga i september var 30 skoginteresserte damer samla for det årlege treffet med landsmøte og temakonferanse i organisasjonen "Kvinner i Skogbruket". I år stod fylkeslaget i Rogaland for arrangementet, og dei kunne saman med skogforvaltning- og næring vise fram vårt flotte og varierte fylke.