Produksjonstilskot og velferdsordningar i jordbruket
29. mars er siste frist for å endre opplysningar i søknad om produksjonstilskot
Du kan endre opplysningar i innlevert søknad om produksjonstilskot innan 29. mars. Gløymte du søknadsfristen, så kan du fram til 29. mars levere inn søknad. Vær merksam på at søknadar levert etter 15. mars blir redusert med 1000 kr per dag.
Publisert 20.03.2020
Nye retningsliner for praktisering av dispensasjon frå søknadsfristen ved søknad om produksjonstilskot i perioden 2017-2019
Landbruks- og matdepartementet har bestemt at søknadsfristane skal praktiserast meir fleksibelt i perioden frå nytt elektronisk søknadssystem blei teke i bruk i 2017 og fram til ny varslingsteneste kom på plass i 2020.
Publisert 18.03.2020
Tilskot til avløysing ved sjukdom i koronasituasjonen
Landbruksdirektoratet vurderer forløpande om tilskot til avløysing og landbruksvikar må tilpassast koronasituasjonen. Fylkesmannen skal formidle vidare aktuelle spørsmål og problemstillingar, og vil ha kontakt med mellom anna avløysarlaga.
Publisert 09.03.2020
Frå 1. mars kan du søkje om produksjonstilskot
Fristen for å søkje om produksjonstilskot er 15. mars. Søknadssystemet opnar for registrering 1. mars. Vi tilrår at du søkjer i god tid før fristen.
Publisert 25.02.2020
Trur du utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot kan vere feil?
Dersom du meiner det kan vere feil i utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot, kan du klage. Fristen for å klage er 3 veker frå du mottok vedtaksbrevet.
Publisert 25.02.2020
Produksjons- og avløysartilskot for 2019 er utbetalt
I veke 8 blei det utbetalt totalt 1,2 milliardar kroner til 4058 landbruksføretak i Rogaland.
Publisert 06.01.2020
Frist for etterregistrering er 10. januar
Dersom du har søkt om produksjonstilskot i jordbruket eller tilskot til avløysing ved ferie og fritid i oktober 2019, kan du etterregistrere nokre opplysningar.
Publisert 30.10.2019
31. oktober er frist for å søkje erstatning ved avlingssvikt
31. oktober er siste frist for å søkje erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon og ved svikt i honningproduksjon. Det må vere klimatiske årsaker til avlingssvikten.
Publisert 10.10.2019
Hugs søknadsfristen 15. oktober
Dette er fristen for å levere andre del av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2019. Både planteprodusentar og husdyrprodusentar kan levere søknad i oktober.
Publisert 03.05.2019
Dårleg dyrevelferd gir trekk i tilskotet
På gardsbruk der det er funne alvorlege brot på regelverket for dyrevelferd i dyrehaldet, trekk landbruksforvaltninga i produksjonstilskotet til føretaket.
Kontaktpersonar
-
Karen Beate Grimstad
Tlf: 51 56 89 40 -
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77 -
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85 -
Maja Stanojevic
Tlf: 51 56 89 89 -
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72