Endra løyve til Westco Miljø AS i Sandnes
Westco Miljø AS på Forus i Sandnes kommune har fått endra løyve etter forureiningslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.05.2013
Fylkesmannen har endra løyve til avfallsanlegget på Forus. Endringane inneber at det ikkje lenger er tillatt å lagre usortert avfall etter arbeidstid. Lagringsramma for mellomlagra avfall og utsorterte fraksjonar er samstundes redusert.
Sjå løyve med oversendingsbrev i dokumentlenka til høgre.