Norsk Gjenvinning AS avd. Stavanger har søkt Fylkesmannen i Rogaland om løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget 13/308 Midtgårdveien 28 Forus i Stavanger kommune.
Det er søkt om å ta imot og samtidig lagra 135 tonn farleg avfall.
Sjå søknad og vedlegg i lenkene til denne nettsaka.
11.04.2018
Norsea Ekofiskvegen AS ynsker å utdjupa sjøbotn ved Risavika kai i Sola kommune. I den samanhengen søker dei om løyve etter forureiningslova til mudring.
10.04.2018
Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører årleg undersøkingar i vatn og vassdrag i Rogaland. Dette for å følgja effektane av forsuring og kalking. I tillegg følger vi opp einskilde andre lokalitetar som verken er forsura eller kalka. Desse fungerer som referansar.
Omfattande marin forsøpling har fått stor merksemd dei seinare år, nasjonalt og i Rogaland. Det vert gjort ein stor innsats av særs mange friluftsfolk, grunneigarar, ideelle og offentlege organisasjonar for å rydde strender og havbotn for enorme menger plastikkavfall.
06.04.2018
Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt Fiskå Mølle AS løyve etter forureiningslova til å fortsette utfyllingsarbeid på eigedom 7/5 i Strand kommune.
05.04.2018
Fylkesmannen i Rogaland har etter søknad gitt GMC Eigedom AS løyve til mudring og utfylling i sjø ved eigedomen 59/1712 i Stavanger kommune.
26.03.2018
Fylkesmannen i Rogaland har no utarbeidd ein ny FylkesROS. FylkesROS blei laga første gong i 2008. Denne skal gi oversikt over aktuelle risikoar og sårbarheiter i fylket. Fylkesmannen trekker spesielt fram ekstremt vêr og klimaendringar, radioaktiv stråling, smittsam dyresjukdom, stor ulykke med mange skadde og tilsikta/hybrid hending.
23.03.2018
Fylkesmannen har nå meld oppstart av frivillig vern av skog i tre områder i Rogaland. Føremålet med desse reservata er å verna lågtliggande oseaniske skogsområde med regnskogskarakterar samt innslag av edellauvtre.
Me ber alle skituristar i påskefjellet om å vise omsyn til villreinen og unngå unødig forstyrring av drektige simler.
22.03.2018
Reve kompost AS søker om å gjere endringar i løyve etter forurensningslova §11, jf §16. Det vert søkt om auke i mottakskapasitet frå 10 000 tonn til 25 000 tonn organisk avfall per år på komposteringsanlegget. Anlegget er plassert på Refve gnr. 41 bnr. 3 Nordsjøvegen 520 i Klepp kommune.
15.03.2018
Nedanfor finn du kart som viser fredningssoner, forbodssoner, kartlenke til Lakseregisteret m.m.
14.03.2018, Endra 21.03.2022
Nedanfor finn du navn på kontaktpersonar innan fiskeforvalting laks og sjøaure, tips om ulovleg fiske, rømt oppdrettslaks, marine artar og innlandsfisk.
14.03.2018, Endra 18.10.2022